Hopp til innhald

Kropp og helse

God helse er ikkje berre fråvær av sjukdom. Det handlar òg om å ha det bra med seg sjølv og ha eit godt forhold til sin eigen kropp. Gjennom media får du motstridande informasjon om kva som er bra for deg og ikkje. Kva informasjonen kan vi stole på?

Kosthald

Maten vi et, har stor innverknad både på miljøet og helsa vår. Derfor er det viktig å vere klar over kva konsekvensar kosthaldet vårt har, både for oss sjølve og for kloden.