Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha gått gjennom artikkelen Variablar, operatorar og funksjonen print().
a) Koding
Kva skriv du i Python dersom du vil gi variabelen test verdien 8?
Fasit
test = 8
b) Koding
Kva skriv du i Python dersom du vil gi variabelen test verdien "testverdi"?
Fasit
test = "testverdi"
c) Koding
Kva skriv du i Python dersom du vil rekne ut og setje resultatet inn i variabelen produkt?
Fasit
produkt = 2 * 3
d) Koding
Kva skriv du i Python dersom du vil rekne ut verdien av brøken og setje resultatet inn i variabelen broek? (Det kan vere lurt å unngå skandinaviske bokstavar som æ, ø og å i variabelnamn.)
Fasit
broek = 3 / 2
e) Koding
Lag eit program der du testar om alle kommandoane over fungerer ved å bruke print() til å skrive ut innhaldet av variablane.
Ta utgangspunkt i programmet som reknar ut arealet av eit rektangel i artikkelen Variablar, operatorar og funksjonen print(). Vi ønskjer at programmet heller skal rekne ut arealet av ein trekant med grunnlinje lik 8 og høgde lik 6.
a) Algoritme
Skriv ned algoritmen til eit slikt program. Bruk algoritmen til rektangelprogrammet som utgangspunkt.
Tips
Vi treng formelen for arealet av ein trekant. Den kan du finne i artikkelen Arealformlar.
Vis løysingsforslag
Algoritmen kan sjå slik ut:
- Set grunnlinja av ein trekant lik 8.
- Set høgda av trekanten lik 6.
- Multipliser grunnlinja og høgda, divider med 2, og kall svaret areal.
- Skriv resultatet til skjermen.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i oppgåve a). Bruk helst logiske namn på variablane i programmet. Til dømes bør variabelen som inneheld lengda av grunnlinja heite grunnlinje.
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
grunnlinje = 8
hogde = 6
areal = grunnlinje*hogde/2
print(areal)
Kommentar: Vi valde variabelnamnet hogde i staden for "høgde", for det er ikkje sikkert alle programmeringseditorar taklar skandinaviske bokstavar i variabelnamn. Dette kan du teste ut med den programmeringseditoren du bruker.
Ein brukar som køyrer programmet i den førre oppgåva utan å sjå koden, vil ikkje skjøne stort av kva programmet gjer. Programmet bør "fortelje" at talet som blir skrive ut på skjermen, er arealet av trekanten. Vi ønskjer å skrive om programmet slik at det lagar ei utskrift på skjermen som seier at "Arealet av trekanten er" og deretter sjølve arealet.
a) Algoritme
Skriv ned algoritmen til dette programmet.
Vis løysingsforslag
Algoritmen kan sjå slik ut:
- Set grunnlinja av ein trekant lik 8.
- Set høgda av trekanten lik 6.
- Multipliser grunnlinja og høgda, divider med 2, og kall svaret areal.
- Skriv til skjermen "Arealet av trekanten er" pluss arealet.
b) Koding
Endre på programmet i den førre oppgåva etter algoritmen i a).
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
grunnlinje = 8
hogde = 6
areal = grunnlinje*hogde/2
print(f"Arealet av trekanten er {areal}.")
Her har vi brukt ein såkalla f-streng ved utskrifta til skjermen med print()-setninga.
Vi ønskjer no å endre programmet slik at det i tillegg fortel noko om måla på trekanten det blir rekna på, altså kor stor grunnlinja og høgda i trekanten er.
a) Algoritme
Skriv ned algoritmen til eit slikt program.
Vis løysingsforslag
Algoritmen kan sjå slik ut:
- Skriv til skjermen "Dette programmet reknar ut arealet av ein trekant med grunnlinje lik 8 og høgde lik 6.".
- Set grunnlinja av ein trekant lik 8.
- Set høgda av trekanten lik 6.
- Multipliser grunnlinja og høgda, divider med 2, og kall svaret areal.
- Skriv til skjermen "Arealet av trekanten er" pluss arealet.
b) Koding
Endre på programmet i den førre oppgåva etter algoritmen i a).
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
print("Dette programmet reknar ut arealet av ein trekant "
"med grunnlinje lik 8 og høgde lik 6.")
grunnlinje = 8
hogde = 6
areal = grunnlinje*hogde/2
print(f"Arealet av trekanten er {areal}.")
c) Koding
Gå ut frå at alle måla på trekanten er i centimeter. Endre programmet slik at vi får med einingane på lengdene og på arealet.
Tips
For å lage kvadratcentimeter på kortform, kan du prøve å kopiere 2-talet i cm² (eller kopiere heile nemninga cm²).
Vi ønskjer no å lage eit program som reknar ut høgda i trekanten når vi kjenner arealet og grunnlinja i trekanten.
a) Algoritme
Vel passande mål på arealet og grunnlinja, og skriv ned algoritmen til eit slikt program. Hugs å ta med forklarande setningar i algoritmen slik at ein brukar som ikkje ser programkoden, skjøner kva programmet gjer.
Tips
Formelen for arealet av ein trekant med grunnlinje og høgde er
For å rekne ut høgda må vi snu på formelen slik at han kjem på forma. Du kan få hjelp til dette i artikkelen Formelrekning.
Vis løysingsforslag
Vi vel at grunnlinja i trekanten skal vere 8 og arealet 24. Algoritmen kan sjå slik ut:
- Skriv til skjermen "Dette programmet reknar ut høgda av ein trekant med grunnlinje lik 8 og areal lik 24.".
- Set grunnlinja av ein trekant lik 8.
- Set arealet av trekanten lik 24.
- Multipliser arealet med 2, divider med grunnlinja, og kall svaret høgde.
- Skriv til skjermen "Høgda i trekanten er" pluss resultatet for høgda.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a). Test programmet, og prøv òg med andre verdiar for areal og grunnlinje.
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
print("Dette programmet reknar ut høgda i ein trekant "
"med grunnlinje lik 8 og areal lik 24.")
grunnlinje = 8
areal = 24
hogde = areal*2/grunnlinje
print(f"Høgda i trekanten er {hogde}.")
Vi ønskjer no å lage eit program som reknar ut arealet av eit trapes når vi kjenner lengda av dei to parallelle sidene og avstanden mellom dei.
a) Algoritme
Vel passande mål på dei tre lengdene, og skriv ned algoritmen til eit slikt program. Hugs å ta med forklarande setningar i algoritmen slik at ein brukar som ikkje ser programkoden, skjøner kva programmet gjer.
Tips
Hugsar du formelen for arealet av eit trapes? Viss ikkje, kan du sjå på sida Arealformlar.
Vis løysingsforslag
Vi vel at dei to parallelle sidene i trapeset har måla 7 og 9. Vi vel avstanden mellom dei to parallelle sidene lik 6. Algoritmen for å rekne ut arealet kan sjå slik ut:
- Skriv til skjermen "Dette programmet reknar ut arealet av eit trapes der dei to parallelle sidene er 7 og 9 og avstanden mellom dei er 6.".
- Set parallell side nummer 1 i trapeset lik 7.
- Set parallell side nummer 2 i trapeset lik 9.
- Set avstanden mellom dei to parallelle sidene lik 6.
- Legg saman dei to parallelle sidene, divider resultatet med 2, multipliser med avstanden mellom dei parallelle sidene, og kall svaret areal.
- Skriv til skjermen "Arealet av trapeset er" pluss arealet.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a). Test programmet, og prøv òg med andre verdiar for dei tre lengdene.
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
print("Dette programmet reknar ut arealet av eit trapes "
"med parallelle sider lik 7 og 9 "
"og avstand mellom dei parallelle sidene lik 6.")
parallell1 = 7
parallell2 = 9
avstand = 6
areal = (parallell1+parallell2)*avstand/2
print(f"Arealet av trapeset er {areal}.")
Kommentar: Vi valde storleiken på sidene i trapeset slik at arealet blir dobbelt så stort som arealet av trekanten i oppgåvene over. Får du riktig svar med programmet ditt?
Vi ønskjer no å lage eit program som reknar ut avstanden mellom dei to parallelle sidene i eit trapes når vi kjenner arealet og lengda av dei to parallelle sidene i trapeset.
a) Algoritme
Vel passande mål på arealet og dei to parallelle sidene, og skriv ned algoritmen til eit slikt program. Hugs å ta med forklarande setningar i algoritmen slik at ein brukar som ikkje ser programkoden, skjøner kva programmet gjer.
Tips
Formelen for arealet av eit trapes med parallelle sider og og avstand mellom dei er
For å rekne ut avstanden , må vi snu på formelen slik at han kjem på forma. Du kan få hjelp til dette i artikkelen Formelrekning.
Vis løysingsforslag
Vi vel at dei to parallelle sidene i trapeset skal vere 7 og 9 og arealet 48. Algoritmen kan sjå slik ut:
- Skriv til skjermen "Dette programmet reknar ut avstanden mellom dei to parallelle sidene i eit trapes når dei to parallelle sidene er 7 og 9 og arealet er 48.".
- Set den eine parallelle sida i trapeset lik 7.
- Set den andre parallelle sida i trapeset lik 9.
- Set arealet av trapeset lik 48.
- Multipliser arealet med 2, divider med summen av dei to parallelle sidene, og kall svaret avstand.
- Skriv til skjermen "Avstanden mellom dei to parallelle sidene er" pluss resultatet.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a). Test programmet, og prøv òg med andre verdiar.
Vis løysingsforslag
Programmet kan sjå slik ut i Python:
print("Dette programmet reknar ut avstanden "
"mellom dei to parallelle sidene i eit trapes "
"når dei parallelle sidene er 7 og 9 og arealet er 48.")
parallell1 = 7
parallell2 = 9
areal = 48
avstand = areal*2/(parallell1+parallell2)
print(f"Avstanden mellom dei to parallelle sidene er {avstand}.")
Kvifor er programma på denne sida upraktiske å bruke? Kva må gjerast for å bøte på dette?
Kommentar
Programma reknar berre med bestemde tal på dei ulike storleikane i figurane. Dersom vi ønskjer å bruke andre tal på storleikane, er den einaste måten å gå inn i programmet og endre tala der.
Ein brukar av programmet har vanlegvis ikkje tilgang på programkoden. Derfor må programma vere slik at brukaren til dømes kan velje kor store grunnlinja og høgda i ein trekant skal vere i oppgåve 5.1.12. Deretter skal programmet rekne ut arealet av trekanten med desse tala. Dette lærer du meir om i artikkelen Program som tek imot brukerdata: input().