Oppgave
Marknadsføringskampanje
I denne oppgåva skal du lage ein marknadsføringskampanje for eit sjølvvalt produkt, eit reisemål eller noko du brenn for.
Finn informasjon om produktet du har valt, til dømes kven som er målgruppa, kva bodskap som blir brukt i marknadsføringa, og kva kanalar som blir brukte. Bruk informasjonen du finn, som utgangspunkt, og tenk på korleis du kan treffe målgruppa endå betre i ein ny kampanje for produktet.
Del 1
Planlegg ein kampanje for eit sjølvvalt produkt, eit reisemål eller noko du brenn for.
- Følg framgangsmåten i artikkelen Planleggje ein enkel marknadsføringskampanje.
- Beskriv kort kva som kjenneteiknar produktet du har valt.
- Vel målgrupper, og grunngi valet.
- Gi døme på aktivitetane du vil bruke for å nå dei aktuelle målgruppene.
Del 2
Lag materiell til kampanjen, anten plakat, utkast til ei nettside eller annonsar til sosiale medium.
Del 3
- Presenter kampanjen for klassa, og få tilbakemeldingar.
- Gjer endringar i planen etter å ha fått tilbakemeldingar.
Relatert innhald
Fagstoff
Planlegge ein enkel marknadsføringskampanjeVi skal no steg for steg gå gjennom korleis vi kan lage ein enkel marknadsføringskampanje. Vi viser eit døme på korleis ein kampanje kan sjå ut.