Døme på omstillingsprosessar - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Døme på omstillingsprosessar

Du skal her få fleire døme på verksemder som har vore gjennom omstillingsprosessar. Kanskje vil du kjenne igjen nokre av dei?

Nye namn og nye moglegheiter

Hugsar du det gamle statseigde oljeselskapet Statoil? Det blei oppretta i stordomstida til olja. Namnet skildra kven som eigde det, og kva det heldt på med. Staten og olje. Men i dag då det handlar om å finne nye energikjelder som kan erstatte den fossile olja, høyrest ikkje namnet like godt ut lenger. Derfor endra dei namn til Equinor. Det nye namnet kjem frå equality, likskap. I tillegg skal det vise at selskapet kjem frå nord. Med det nye namnet starta det dei sjølve kallar «den største omlegginga av energisystema i moderne tid». Dei er ikkje lenger eit oljeselskap, men eit breitt energiselskap.

Det skjedde sjølvsagt ikkje over natta. Dette har vore ein prosess som har gått over år, og som framleis går føre seg. Gamle NSB (Norske Statsbaner) er eit liknande døme. Med namnet Vy, som betyr «utsikt», skal dei bli eit stort transport- og mobilitetsselskap som skal få reisande frå dør til dør.

Frå klesbutikk til opplevingshub

Har du høyrt om kleskjeda Houdini? Det svenske firmaet blei starta i 1993 og produserte til å byrje med produkt og klede som skulle halde folk varme og tørre og vere lette å gå i. Sidan den gongen har dei vore gjennom ei lang reise med store endringar. I 2016 byrja dei med utleige og reparasjon av klede i ein butikk i Oslo. Vel, eigentleg er det ikkje ein butikk. Dei har inga vanleg kasse, og dei kallar det ein «hub» der det er rom for å henge rundt og gjere andre ting enn å prøve klede. Her kan du mellom anna delta på yoga og workshops, eller få med deg interessante førelesingar.

Fleire andre kleskjeder kjem etter. Bergans har byrja med klesutleige, mens Norrøna tilbyr reparasjon av øydelagde klede. Dette er gode tiltak. Spesielt fordi friluftsliv faktisk er noko av det verste du kan halde på med på fritida. I ein artikkel frå NRK om forholdet nordmenn har til naturen fastslår Vestlandsforsking at berre ferie- og flyreiser er verre. Og det er ikkje fordi folk er ute i naturen, men fordi nordmenn bruker mange millionar på nytt sportsutstyr og klede kvart år. Det er ikkje berekraftig.

Døma over viser det vi kallar grøn omstilling – det vil seie at endringar blir gjorde av omsyn til miljøet. Dei fleste moderne verksemder er i konstant endring av same grunn. Då snakkar vi ikkje om lange prosessar, men mindre endringar.

Uansett om det dreier seg om omstillingsprosessar eller mindre endringar, kjem du til å spele ei viktig rolle. Verksemder som ønskjer å vere berekraftige, er avhengige av medarbeidarar som har dei same verdiane som dei sjølve har. Som ønskjer å gjere verda til ein betre stad, og som ønskjer å jobbe for miljøet. Uansett verksemd og bransje.

Kjelder

Equinor. (15. mars 2018). Om navneendringen vår. Henta frå https://www.equinor.com/no/about-us/about-our-name-change.html

Skjeggestad, Helene. (12. mars 2019). NSB og Nettbuss samles under nytt navn – det nye navnet er VY. Aftenposten. Henta frå https://www.aftenposten.no/norge/i/5VPWgm/nsb-og-nettbuss-samles-under-nytt-navn-det-nye-navnet-er-vy

Andersen, B.L. og Skumsvoll, N.F. (5. juni 2019). Vi bruker 15 milliarder i året på utstyr: – Stiene har blitt en catwalk. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/telemark/nordmenn-bruker-15-milliarder-i-aret-pa-sportsutstyr-1.14575621

Skiinfo. (18. januar 2017). Houdini i medvind. Henta frå https://www.skiinfo.no/nyheter/a/624346/houdini-i-medvind

Regjeringa. (21. april 2016). Grønn omstilling. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/gronn-omstilling/id2485152/

Skrive av Tone Hammer. Rettshavar: MarkedsPartner AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2019