Hopp til innhald

Fagstoff

Omstilling i verksemder og bransjar

For at det skal bli enklare for deg å finne det du treng å vite om korleis ei verksemd eller ein bransje omstiller seg, har vi samla nokre tips og lenkjer til deg.
Kvinne som ser på statistikk på mobiltelefon og PC. Foto.

Årsrapportar

Statistisk sentralbyrå (SSB) kan gi deg mykje informasjon om utvikling og trendar i ulike bransjar, men skal du finne ut korleis verksemda di eller bransjen din omstiller seg, kan årsrapportar vere nyttige. Årsrapporten for ei verksemd inneheld – i tillegg til ein rekneskap – ei skildring av kva verksemda har halde på med det siste året. Ofte står det om endringar som har vore gjorde, eller om framtidige omstillingar.

Norske forbrukere endrer gradvis atferd. Det ser vi både på forbruksutvikling innen enkelte segmenter, og ved at netthandel av dagligvarer har økt. Nye salgskanaler skaper nye utfordringer, men også nye muligheter. Teknologiske endringer i hele verdikjeden skal bidra til at TINE mestrer utfordringene og utnytter mulighetene.
Frå årsrapporten til Tine Meierier for 2018

Vi lanserer flere, nye løsninger som bringer kundene fra dør til dør. Vi har testet ut bysykler, investert i teknologiselskaper innenfor selvkjørende busser og andre mobilitetsløsninger, og vi har nylig lansert 250 bybiler i Oslo.
Frå årsrapporten til NSB for 2018

Hald deg oppdatert på kva som rører seg i bransjen

Det er berre store verksemder som må lage årsrapportar. For å vere oppdatert på bransjenyheiter og få relevant informasjon om mindre verksemder bør du følgje med på nettstader, nyheitsbrev, Instagram, Twitter, bloggar og liknande. I tillegg kan det vere lurt å få med seg kva influensarar og forbrukarar snakkar om. Her er nokre døme:

Sjekkliste for kartlegging av ein omstillingsprosess

Vi har laga ei sjekkliste som kan vere eit nyttig utgangspunkt dersom du skal undersøkje korleis ein omstillingsprosess i ei verksemd har gått føre seg. Lista inkluderer mellom anna spørsmål om leiing, risikovurdering og kommunikasjon, som er viktige element i ein omstillingsprosess. Bruker du lista og klarer å finne svar på alle spørsmåla, bør du få eit godt bilete av no-situasjonen og sjølve omstillingsprosessen i verksemda du undersøkjer.

Kanskje bør du intervjue fleire personar i verksemda for å få eit mest mogleg riktig bilete av prosessen og endringane som er gjorde. I tillegg til leiaren kan det vere lurt at du snakkar med ein eventuell mellomleiar, ein tillitsvald og ein tilsett.

Filer



Kjelder

Visma. (u.å). Årsrapport. Hva er årsrapport? Henta frå https://www.visma.no/eaccounting/regnskapsordbok/aa/arsrapport

NSB-konsernet. (2018). Års- og bærekraftsrapport. Henta frå https://www.vy.no/globalassets/vy.no/filer-no/arsrapporter/2018-arsrapport.pdf

Tine. (2018). Tine årsrapport 2018. Sammen for melka. Henta frå https://arsrapport.tine.no/

CC BY-SASkrive av Tone Hammer. Rettshavar: MarkedsPartner AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2019

Læringsressursar

Marknadsføringsstrategi