Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr deg sjølv – forsking

  1. Bambus spirer opp frå bakken. Foto.

    Kva legg du i uttrykket forskarspire?

  2. Kva er ei datasimulering?
  3. Kva er skilnaden på eit måltal og ei måleining (eining)? Kva har dette med fysiske storleikar å gjere?
  4. På kva for to måtar kan vi måle masse?
  5. Kvifor kan vi stole på måleinstrumenta som er i bruk ved kjøp og sal?
  6. Kva er skilnaden på feilmarginar og målefeil?
  7. Kva er skilnaden på absolutt og relativ feilmargin?
  8. Gi døme på korleis vi kan redusere feilmarginen.
  9. Kor mange siffer skal vi ta med når vi fører opp verdien av ein målt storleik?
  10. Kva meiner vi med observasjonsdata? Gi døme.
Løysingsforslag
  1. Ei forskarspire er ein liten forskar som lærer seg å bruke vitskaplege metodar.
  2. Ei datasimulering er ei kalkulering som kjørast ved hjelp av eit dataprogram på ei datamaskin.
  3. Eit måltal fortel kor mange einingar ein storleik inneheld. Ei måleining er ein fast verdi eller ein gitt storleik som brukast ved målingar. Ein storleik må alltid oppgivast både med måltal og eining.
  4. Vi kan måle masse ved å samanlikne den ukjende massen med ein kjend, gjennom veging på skålvekt. Vi kan måle tyngde med ei fjørvekt, og rekne om til masse, men då må vi kjenne tyngda sin akselerasjon på staden.
  5. Fordi dei blir sjekka av tenestefolk frå Justervesenet med jamne mellomrom.
  6. Måleutryggleik er ein eigenskap ved målemetoden som seier noko om kor nøyaktig det er mogleg å måle. Målefeil oppstår når utstyret ikkje er i orden eller målinga ikkje utførast korrekt.
  7. Absolutt utryggleik er halvparten av variasjonsbreidda. Relativ utryggleik er absolutt utryggleik i prosent av gjennomsnittsmålinga.
  8. Vi kan bruke eit betre måleinstrument eller ein meir nøyaktig målemetode. Måle så store storleikar som mogleg.
  9. Vi tek med så mange siffer at det siste sifferet angir utryggleiken. Om vi angir at ein planke er 1128 ± 2mm lang, kan han i verkelegheita vere 1126, 1127, 1128, 1129 eller 1130 mm.
  10. Observasjonsdata er informasjonen vi skaffar oss når vi undersøker eit fenomen eller gjennomfører eit forsøk. Observasjonsdata kan bestå både av bilete, målingar og beskrivingar.
CC BY-SASkrive av Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2018

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar