Du er no inne i ein læringssti:
Journalistyrket, medieutvikling og omstilling
Journalisten sin kvardag
Dei fleste journalistar jobbar i ein nyheitsredaksjon, og mange nyheitsredaksjonar er organiserte i mediehus. Redaksjonen kan bestå av fleire journalistar og fotografar, og redaktøren har det øvste ansvaret for sakene som blir publisert.
Sjå video og møt ein journalist
Bli med journalisten Elizabeth Huanca Vold på jobb:
Sjølv om fokus og profil varierer mellom ulike redaksjonar, er den overordna oppgåva for journalistane felles. Oppdraget går ut på å samle informasjon om det som skjer i samfunnet, og gjennomarbeide informasjonen. Ved hjelp av journalistiske tekstar, lyd og bilete blir informasjonen sett inn i ein meiningsfylt samanheng og formidla ut til publikum.
Innhaldet skal treffe målgruppa til kanalen
Journalistar produserer innhald som skal treffe ulike mottakarar. Avisa Fanaposten har fokus på lokale nyheiter og rettar seg mot målgrupper i Bergen sør. TV 2 Nyheter rettar seg mot ei breiare målgruppe og presenterer saker som kan vere interessante for personar frå heile Noreg.
Det er viktig at journalisten er bevisst på kven som er målgruppa for sakene som blir produsert. Det journalistiske innhaldet må formast på ein måte som gjer det interessant og forståeleg for målgruppa, slik at bodskapen når fram.
NRK er eit døme på eit mediehus som leverer journalistisk innhald til både radio, tv og internett. NRK har mange ulike redaksjonar med eigne fokusområde som nyheiter, kultur og sport.
Døme: NRK Supernytt og Dagsrevyen
NRK Supernytt-redaksjonen, som har ei ung målgruppe, bruker andre verkemiddel enn journalistane i Dagsrevyen. For å nå fram til ei ung målgruppe er dei fleste mediehusa i Noreg til stades på sosiale medium. Målet er å skape merksemd og engasjement rundt det journalistiske innhaldet som blir produsert.
Journalistikk i ulike format og kanalar
Tenk deg at eit samla norsk pressekorps har møtt opp for å dekke ei viktig hending. Alle dei store mediehusa er representerte, og journalistane skal lage saker for tv, radio, avis og internett. Hendinga skal dokumenterast.
Journalistane må ta bevisste val, men dei går fram på ulike måtar. Ein avisjournalist er avhengig av intervju, skriftlege skildringar og ein formålstenleg skrivemodell. Gode pressebilete er òg viktige når hendinga skal dokumenterast og til slutt ende opp som ein reportasje i avisa. Ein tv-journalist må sørge for å få gode sitat frå intervjuobjekta sine. Nyheitssaka må ha gode og relevante klippebilete, ein tydeleg voiceover og ei bevisst oppbygging før ho er klar for publisering på tv.
Eit døme: statsbudsjettet
Kvar haust legg regjeringa fram forslag til statsbudsjett for Stortinget. Dette er ei sak som blir dekt breitt av pressa i Noreg. Statsbudsjettet er eit uttrykk for myndigheitene sin politikk på ei rekke område. Denne informasjonen er det viktig å formidle til ulike målgrupper gjennom journalistiske tekstar, bilete og lyd.
Fleirmediale journalistar med digital kompetanse
Arbeidskvardagen til journalisten er prega av høgt tempo og raske endringar. Dei fleste journalistar i dag er fleirmediale, det vil seie at dei lagar innhald som skal leggast ut på fleire plattformar.
Ei nyheitssak skal publiserast på tradisjonelle kanalar som tv og radio, samtidig som at journalisten gjerne òg må lage ei sak til mediehuset sine nettsider og sosiale mediekanalar. Det betyr at pressa i dag må kunne bruke ulike verkemiddel og framgangsmåtar i arbeidet sitt.
Arbeidsmetodane til pressa har alltid blitt påverka av teknologien. Journalistar i mediebransjen i dag må meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy.
På sosiale medium
Ein journalist som jobbar med sosiale medium, må vere oppdatert på dei digitale verktøya som blir brukte på sosiale publiseringskanalar. På sosiale medium er det viktig å skape interesse. Bodskapen må skilje seg ut, og journalisten må vite kva for saker som skaper engasjement.