Korleis er reklameuttrykka laga? - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis er reklameuttrykka laga?

Oppgåve 1

I fagartikkelen Annonse, radiospot og reklamefilm finn du eksempel på desse tre reklamesjangrane. Ta utgangspunkt i desse eksempla, eller andre tilsvarande eksempel, og diskuter i grupper:

  • Korleis trur de annonsen er planlagd og produsert?
  • Korleis trur de radiospoten er planlagd og produsert?
  • Korleis trur de reklamefilmen er planlagd og produsert?

Spørsmål de kan prøve å besvare i diskusjonen, er:

  • Kva yrkesgrupper har vore involvert i arbeidet?
  • Kva har dei ulike personane gjort?
  • Kva kunnskap har dei hatt?
  • Kva mål har personen eller teamet jobba mot?
  • Korleis har dei samarbeidd for å komme fram til det endelege resultatet?
  • Kor lang tid trur de produksjonsprosessen kan ha teke?

Oppgåve 2

Firmaet Bauer Media lagar reklamespotar for kommersielle radiokanalar. Studer nettsida deira.

  • Finn ut kva argument dei har for å bruke radiospotar.
  • Finn ut kva dei tilbyr av tenester.
  • Beskriv eit eksempel på kva dei har produsert.

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018