Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar sosiale medium ungdommar i dag?

Ungdommar i dag bruker mykje tid på sosiale medium. Kva konsekvensar får det? I denne oppgåva skal du skrive ein drøftande tekst der du går inn på dette spørsmålet: Korleis påverkar sosiale medium ungdommar i dag?
Mann med ein ipad det ryk av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Korleis blir du påverka av sosiale medium?

Oppgåve

Du skal skrive ein drøftande tekst der du tek for dette spørsmålet:

Korleis påverkar sosiale medium ungdommar i dag?

  • I teksten kan du gå inn på både negative og positive sider av korleis sosiale medium påverkar ungdommar.
  • Teksten skal vere på to–tre A4-sider.
  • Vis til ulike argument og konkrete eksempel.
  • Gjer research på temaet. Finn og vurder skriftlege kjelder du kan bruke i din eigen argumentasjon. Sjå korleis du kan gå fram i den relaterte artikkelen under.

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Slik kan du byggje opp teksten

  1. Innleiing: Gi ein kort presentasjon av temaet du skal drøfte.
  2. Hovuddel: I hovuddelen drøftar du. Her skal du vise til ulike sider ved spørsmålet. Bruk gjerne eit avsnitt til kvart hovudsynspunkt.
  3. Konklusjon: Her skal du samanfatte kort kva du har kome fram til gjennom drøftinga.
  4. Kjelder: Før ei liste med kjelder til slutt.

Relatert innhald

Du skal kunne trekkje inn relevante kjelder i fagtekstar du leverer på skulen. Gode strategiar hjelper deg å gjere dette sjølvstendig og utan plagiat.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediedeltaking