Forsøk: Overflatebehandling av tre
Undersøk korleis ulike overflatebehandlingar påverkar ulike typar treverk.
Diskuter
- Kva fslags ulike typar overflatebehandling kjenner de til?
- Kva er føremålet med overflatebehandling?
Tresortar og overflatebehandling
- Ta med avskjer frå bygghallen eller heimanfrå.
- Finn ut kva tresortar de har.
- Kva typar treverk er vanlege å bruke i bygg i Noreg?
- Finn ut kva slags overflatebehandling som eventuelt er brukt. Er treverket impregnert på nokon måte?
- Kva typar overflatebehandling av tre er vanlege å bruke i Noreg?
- Kva er føremålet med overflatebehandling?
- Diskuter denne påstanden: «Overflatebehandling av tre bidreg til meir berekraftige materiale.»
Problemstilling
Lag ei problemstilling som de vil undersøkje.
Døme:
Er det slik at nokre tresortar trekkjer til seg vatn lettare enn andre?
Kva tyding har overflatebehandling for kor mykje vatn treverket trekkjer til seg?
Plan
Lag ein plan for korleis de kan undersøkje følgjande:
- I kva grad trekkjer ulike typar treverk til seg vatn etter ulike typar overflatebehandlingar?
Korleis blir treverket påverka av ytre påkjenningar som regn, varme, kulde, sol, vind og ulike gassar?
Det tek lang tid å finne ut av dette ved å la treverket stå ute i vêr og vind. Finn metodar for å lage dykkar eige vêr.
Gjennomfør planen
Gjennomfør planen de har laga. Ta bilete undervegs i prosessen, og noter observasjonar og målingar på ein systematisk måte.
Konklusjon
Bruk observasjonar og målingar til å svare på problemstillinga de sette opp. Kva har de funne ut?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020