Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Livsstilsløgner

CC BY-NC-SA

Det er mange som forsøkjer å påverke livsstilsvala dine i kvardagen. Undersøk korleis livsstilsreklamar og livsstilsinformasjon forsøkjer å påverke deg, og avslør kva som er sant og kva som ikkje stemmer.

I denne læringsstien skal du

  • utforske og reflektere over livsstilsreklame og livsstilsinformasjon og undersøkje han kjeldekritisk
  • utforske og reflektere over livsstilstrendar og samanhengen mellom livsstilstrendar og eit sunt kosthold
  • analysere og samanlikne næringsstoff i matvarer som blir kalla «supermat», med «vanleg» mat
  • lære kva livsstilsreklamar er og analysere dei ved hjelp av omgrep frå retorikken

Denne læringsstien er tverrfagleg, men han er spesielt relevant i faga norsk og naturfag.