Forsøksdesign med KI - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Forsøksdesign med KI

Ein praterobot kan hjelpe deg med å komme i gang med å designe forsøk, og samtidig får du trening i å vere kritisk til innhaldet som prateroboten leverer.

Om praterobotar

Praterobotar kan svare raskt og korrekt på mange spørsmål, men dei kan òg by på utfordringar. Du vil møte praterobotar i mange situasjonar: skule, jobb og fritid. Det er derfor viktig at du får trening i å vere kritisk til det praterobotane leverer. Det er viktig at du kan bruke det ein praterobot produserer, til å sjå mogelegheiter og avgrensingar, og for å trene dei analytiske evnene dine.

Å designe forsøk

Når du skal designe forsøk sjølv, må du jobbe på ein annan måte enn når du følger ein bestemd framgangsmåte eller oppskrift: Du må lage di eiga problemstilling, finne ut kva variablar som finst i forsøket, korleis forsøket bør gjennomførast for å få samanliknbare resultat, for å nemne noko. For å bli gode på dette må vi trene! Med ein praterobot kan vi få eit utgangspunkt for eit forsøk som vi kan utvikle vidare.

Oppgåve

Jobb i små grupper og sørg for at de har tilgang til ein praterobot, til dømes NDLAs praterobot, som de finn om de loggar inn på Min NDLA.

  1. Diskuter: Kva kjenneteiknar problemstillingar som eignar seg til utforsking?

  2. Ta utgangspunkt i eit tema de jobbar med, og lag ei problemstilling. Det kan til dømes vere:

    • Kva faktorar påverkar svingetida til ein pendel?

    • Kva næringsstoff finst i ulike matvarer?

    • Korleis varierer blodsukkeret ditt med kva du et, og kor fysisk aktiv du er?

    • Kva påverkar spireevna til frø?

    • Kva faktorar påverkar fotosyntesen?

  3. Lag ein eller fleire leietekstar som de trur vil gi forslag til gode forsøksdesign for problemstillinga dykkar. Til dømes: "Foreslå eit forsøk som viser faktorar som påverkar svingetida til ein pendel. Skriv kjelder til svaret."

Les og vurder svara

Les svara frå prateroboten, og finn svar på dei følgande spørsmåla:

  1. Kan vi bruke det forsøket som prateroboten beskriv, til å finne svar på problemstillinga vår?

  2. Er beskrivinga detaljert nok til at det er mogleg for andre å gjennomføre forsøket på same måte? I så fall kan vi seie at er god. Viss svaret er nei, må de spørje prateroboten om fleire detaljar eller komme med forslag sjølve.

  3. Har skulen det utstyret som trengst for å kunne gjennomføre forsøket? Viss ikkje må de designe forsøket på nytt eller gi prateroboten meir spesifikke krav.

  4. Kva er det i forsøket dykkar? Kva er dei , og kva er den ?

    Er det teke omsyn til variabelkontroll i forsøksbeskrivinga? Det vil seie, er det berre éin uavhengig variabel som blir forandra om gongen? Les meir om variablar i artikkelen Metode og måleusikkerheit.

  5. Kva resultat forventar de å få i forsøket? Kva usikkerheiter og feilkjelder kan komme til å påverke resultata?

  6. Har prateroboten teke omsyn til sikkerheit i forsøksbeskrivinga?
    Får de beskjed om å bruke vernebriller, labfrakk og hanskar? Skal de gjennomføre forsøket i avtrekksskap? Kva skal de gjere med eventuelt avfall? Undersøk svara frå prateroboten, og diskuter kva dei baserer seg på.

  7. Læraren dykkar skal godkjenne den endelege forsøksbeskrivinga, inkludert risikovurdering, før de gjennomfører forsøket.

  8. Gjennomfør forsøket og lag ei framstilling av resultata. Diskuter kva dei viser.

Oppsummering

  • Korleis vurderer de forsøksbeskrivingane frå prateroboten?

  • Gi nokre forslag til kvifor det var forskjell på den første forsøksbeskrivinga til prateroboten og det forsøket de enda opp med å gjennomføre.

  • Verka prateroboten overbevisande? Forklar.

Denne sida er ein omsett og omarbeidd versjon av Forsøgsdesign med AI hos emu – Danmarks læringsportal oppdatert 14. november 2023.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Design eige forsøk: blodsukkermåling

Korleis varierer eigentleg blodsukkeret ut frå kva du har ete? Design eit forsøk der du undersøkjer korleis blodsukkeret varierer med inntak av mat.

Skrive av Rasmus Kragh Wendelbo, Svendborg Gymnasium og Thomas Bedin. Rettshavar: Centre for Undervisningsmidler
Sist fagleg oppdatert 03.01.2024