Forsøk: Undersøk objekt i ein plastilinklump - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Undersøk objekt i ein plastilinklump

I denne oppgåva skal du finne ut kva som er inne i ein plastilinklump uten å opne han.

Hensikt

Denne oppgåva gir eit inntrykk av korleis det er å orientere seg om ein har få sansar. Den eineste "sansen" du har her, er ein pinne du kan stikke i plastilinen med.

Du skal finne ut kva som er inne i plastilinklumpen utan å opne han for å sjå. Undervegs skal du setje opp hypotesar om kva denne gjenstanden kan vere.



Innledning

Ein teori er, i naturvitskapen, ei grunnleggjande framstilling som det er stor grad av semje om.
Ut frå observasjonar stiller forskarar opp hypotesar som dei ønskjer å teste ut. Hypotesar er kvalifiserte gjettingar eller førehandsmeiningar.
Deretter utfører dei forsøk for å avsløre om hypotesen er feil. Det kallar vi å falsifisere hypotesen.
Dersom forskarar ikkje klarer å falsifisere hypotesen, kan han vise seg å vere rett..

Utstyr

Plastilin, ukjend gjenstand, strikkepinne eller en utrettet binders

Framgangsmåte

  1. Kvar person/gruppe får utlevert ein klump plastilin med ein ukjend gjenstand i.
  2. De skal prøve å finne ut kva denne gjenstanden er, ved å stikke i klumpen med strikkepinne, utretta binders eller liknande.
  3. Først skal de prøve å lage ein hypotese (ei gjetting) om kva som er inne i klumpen, utan å gjere noko anna enn å sjå på han.
  4. Etter 5 stikk skal de lage ein ny hypotese om kva som er inne i klumpen (eller behalde den gamle hypotesen om han framleis verkar sannsynleg).
  5. Deretter skal de stikke 5 gonger til, og lage ein ny hypotese.
  6. Gjer det same for kvart 5. stikk heilt til de har totalt 25 stikk.
  7. Den siste hypotesen er den endelege hypotesen.
  8. Opne deretter klumpen og drøft korleis innhaldet samsvarar med hypotesen.

Tips

Lag ei tegning av klumpen og kryss av for kor du stikk etter hvert stikk. Prøv å lage ei tegning av det som er inne i klumpen, ved hjelp av kryssa.

Resultat

Hypotese før første stikk:
Hypotese etter 5 stikk:
Hypotese etter 10 stikk:
Hypotese etter 15 stikk:
Hypotese etter 20 stikk:

Endeleg hypotese etter 25 stikk:
Kva var det som var inne i klumpen?

Konklusjon

Korleis gjekk det med den endelege hypotesen din?

Relatert innhald

Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019