Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Anbod på oppsetjing av ein vegg i bindingsverk

Kor mykje skal du som tømrar ta betalt for å setje opp ein vegg?
Standarar, sviller og losholtar i bindingsverksvegg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er tømrar og er med på ein anbodskonkurranse der du skal gi pris på å setje opp ein vegg i bindingsverk. Måla på veggen og andre detaljar finn du på sida "Å byggje vegg i bindingsverk".

Relatert innhald

Oppgåve 1

Det skal monterast skråavstiving på den lengste delen av veggen, sjå filmen på sida "Å byggje vegg i bindingsverk". Kor lang blir skråavstivinga?

Tips til oppgåva

Bruk pytagorassetninga.

Løysingsforslag

Den lengste veggen har måla 2 500 mm bortover og 2 400 mm oppover. Skråavstivinga blir derfor hypotenusen i ein rettvinkla trekant med sider 2 500 og 2 400 mm. Lengda på skråavstivinga blir

2 5002+2 4002 mm=3 466 mm

Oppgåve 2

Du skal bruke eit rekneark til å rekne ut anbodsprisen på veggen. Du bruker avansemetoden til å rekne ut prisen. Vi tek ikkje med kostnader til festemateriell som spiker og skruar i første omgang.

Kva skal/bør inndataområdet i reknearket innehalde?

Løysingsforslag

Inndataområdet i reknearket skal innehalde

  • dimensjonane på veggen
  • meterprisen på dei ulike trematerialane
  • ein prosentsats for svinn/kapp
  • timeprisen for tømrararbeid
  • satsen for meirverdiavgift
  • avansen i prosent

Oppgåve 3

Lag eit rekneark der du reknar på kor mykje du skal ta for å setje opp veggen. Reknearket skal innehalde

  • utrekning av materialforbruk inkludert svinn/kapp
  • kostnadene for sjølve arbeidet (vi går ut ifrå at det er 7 timars arbeid å setje opp denne veggen)
  • sum kostnader
  • 75 prosent avanse
  • pris utan meirverdiavgift
  • utrekning av meirverdiavgifta
  • pris med meirverdiavgift = anbodspris

Til skråavstivinga blir dimensjonen 16 x 98 mm brukt. Finn meterprisar på materialane på nettet. Alternativt kan du bruke at skråavstivinga kostar 12 kr/m, og at standarverket kostar 19 kr/m. Det kan vere lurt å rekne om materialprisane til kroner per mm. (Kvifor?)

Lag ditt eige rekneark, eller bruk oppsettet i reknearket nedanfor. I dette reknearket skal du fylle ut dei gule felta med reknearkformlar eller tal.

Filer

Fasit

Anbodsprisen blir 11 010,98 kroner inkludert meirverdiavgift. Sjå ferdig utfylt rekneark lengst ned på sida.

Oppgåve 4

Kva blir den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter ferdig oppsett vegg?

Oppgåve 5

Bruk resultatet i den førre oppgåva til raskt å finne ut kva du skal ta for å setje opp bindingsverksveggen (utan tak og golv) til ei bu som måler 3 x 6 meter?

Oppgåve 6

Tømrarlønna går opp med 5 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?

Oppgåve 7

Prisen på trelast går opp 15 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?

Oppgåve 8

Nemn andre ting som kan påverke prisen på anbodet.

Oppgåve 9

Kva må avansen vere for at anbodsprisen i oppgåve 3 blir omtrent 12 270 kroner inkludert meirverdiavgift?

Oppgåve 10

Gjer eit anslag på kor mange skruar du treng til veggen i oppgåve 3. Finn prisen på skruar, legg dette inn i reknearket, og finn ut om du bør ta med skruane i anbodsprisen.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod