Les fagstoffet om digitalisering og om analoge og digitale signal før du jobbar med oppgåvene.
Oppgåver
- Kvar kjem omgrepet digital frå, og kva betyr det?
- Kva er fordelane og ulempene med analoge signal?
- Kva er fordelane og ulempene med digitale signal?
- I fagstoffet vart einingane DAC og ADC nemn.t Gjer søk og finn meir informasjon om desse og skriv eit par linjer om kvar eining og kva dei gjer.
- Skriv nokre eksempel på kvar du meiner omgrepa digital og digitalisering ville passe godt inn. Beskriv kvifor du meiner det passar.
Ekstraoppgåver
- Digitalisering av lyd vart skildra som eit eksempel i teksten om digitalisering. Skriv ein kort tekst der du skildrar stega for korleis digitalisering av bilete eller video fungerer.
- Beskriv kva for oppgåver Digitaliseringsdirektoratet skal gjere og trekk inn prosjekt dei har vore med på.
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020