Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet analogt og digitalt
Kor godt forstår du digital teknologi?
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god greie på kva digital teknologi er.
- Eg kan forklare kva eit signal er og gjer.
- Eg kan forklare omgrepa digital og analog.
- Eg kan forklare kva sample er og knyte det til målingar.
- Eg kan beskrive korleis digitalisering av lyd skjer.
- Eg kjenner til og kan forklare fleire talsystem.
- Eg kan forklare kva binære tal er.
- Eg kan beskrive og forklare kva linje- og pakkesvitsjing er.
- Eg kan forklare forskjellen på ein trinnlaus skala og ein trinnskala og knyte det til analoge og digitale signal.
NØKKELORD | ||
---|---|---|
digital | ARPANET | digitalisering |
sample | trinnlaus skala | titalsystemet |
analog | linjesvitsjing | binære tal |
pakkesvitsjing | DAC | ADC |
totalsystemet | sekstentalsystemet |