Korleis vel du rett datamaskin?
Det kan vere ei utfordrande oppgåve å velje rett datamaskin. Valet avheng av kor detaljerte krav vi stiller, og kva vi skal bruke datamaskinen til. Får vi i oppdrag å kjøpe datamaskinar for andre, må vi vite nøyaktig kva kunden har behov for og forventar. Dessutan treng vi tilstrekkeleg kjennskap til komponentane til datamaskinen for å kunne gjennomføre ei god kjøpsvurdering for kunden vår.
Vi bør sjekke kva slags ekstrautstyr som eventuelt trengst, til dømes skrivar, ekstern harddisk, kraftigare grafikk-kort eller andre behov. Dette er òg relevant når vi skal avgjere kor mange og kva typar tilkoplingsportar vi treng.
Andre forhold vi bør ta omsyn til, er service, garanti og moglegheit for support på utstyret vi kjøper. Dette kan vere viktig både for kunden og for bedrifta di som leverandør. Kunden skal vere nøgd med heile tilbodet han eller ho får; låg pris og hurtig levering er ikkje nok.
Kort oppsummert: Det er viktig med ein god behovsanalyse. Kva treng brukaren, og kva kan vi levere til best mogleg pris, slik at kunden blir nøgd?
Lær deg terminologien for dei ulike delane av ein datamaskin (Komplett.no)
Ting å tenkje på ved kjøp av berbar pc (Komplett.no)
Handle i butikk – eller på nett?
I ordinære butikkar kan vi sjå på og prøve vara før vi handlar, vi kan rådføre oss med dei tilsette og vi kan få svar på dei spørsmåla vi eventuelt måtte ha. Likevel har ordinære butikkar ofte eit avgrensa utval av modellar og tilbehøyr. Prisane er òg noko høgare enn i nettbutikkar.
Innkjøp for bedrifta
Bedrifter som skaffar utstyr for andre, har gjerne avtalar med enkelte leverandørar og grossistar. Gjennom avtalane får dei ein endå betre pris og betre vilkår enn dei ville fått ved å handle direkte i ein nettbutikk eller i ein ordinær butikk. Som tilsett i ein elektro- eller it-bedrift må du halde deg til avtalane til bedrifta, til dømes for innkjøp av komponentar. Då er det éin eller fleire leverandørar du skal bruke, og du bestiller gjerne gjennom nettløysingane til leverandørane. Om du har behov for rådgiving, kontaktar du leverandøren per e-post eller telefon.
Private kjøp
Forbrukarar vel fritt korleis dei skal handle. Når forbrukarar skal handle datamaskinar og anna datatilbehøyr, er det vel så populært å handle på nettet som i ordinær butikk. Ein fordel med nettbutikkar er at dei ofte har eit stort utval av ulike modellar og merke. Også prisane er som regel lågare i nettbutikkar enn i ordinære butikkar, og om du handlar som forbrukar, har du ein sterkare angrerett.
Derimot kan du ved nettkjøp ikkje sjå vara i forkant, anna enn på bilete eller video. Du må ta kontakt med seljar på telefon eller e-post dersom du har spørsmål om vara. Vara må som regel blir send i posten eller bli henta på eigne utleveringsstader. Store og kjende butikkar som leverer datamaskinar, datakomponentar og tilbehøyr, har ofte mange tilbod, og du kan komme over gode kjøp. Følg gjerne med på testar og gå litt på prisjakt!