Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reflekter over sosiale medium og personvern

Sosiale medium opnar opp for underhaldning og kontakt med andre. Samtidig må vi gi ut ein del personopplysningar om oss sjølv til nettstaden, og vi legg òg ut bilete, liker ting og deler informasjon om oss sjølv. Sjå "Folkeopplysningen: Sosiale Mehdi" (39 minutt) og svar på spørsmåla.

Spørsmål om personopplysningar og sosiale medium

  1. Kva er hovudinntrykket ditt etter å ha sett dette programmet?
  2. Kva er personopplysningar?
  3. Kva tenkjer du om din eigen bruk av sosiale medium etter å ha sett programmet?
  4. Gå inn på dine mest brukte sosiale medium. Kva slags opplysningar har du gitt ut om deg sjølv?
  5. Kva kan du finne ut om ein person på nett som du ikkje kjenner så godt?
  6. Kva slags opplysningar om deg sjølv er du komfortabel med at andre veit om deg?
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Personvern