Hopp til innhald
Fagartikkel

5G-nettet

5G-nettet mogleggjer rask og stabil trådlaus dataoverføring. I denne artikkelen skal vi sjå på moglegheitene 5G-nettet gir i kvardagen til folk og for industri og næringsliv.

Kva er 5G-nettverket?

5G-nettverket (femte generasjons mobilnett) blei lansert i 2019. Det er langt meir stabilt enn tidlegare mobile datanettverk, det mogleggjer raskare nedlasting og opplasting av data og har lågare forseinking. 5G er ein nøkkelteknologi i det framtidige digitale økosystemet. Han vil vere viktig for utvikling av sjølvkøyrande bilar, smarte heimar og mykje annan framtidsretta teknologi.

Litt historikk

Det har skjedd ei enorm utvikling innanfor mobile datanettverk frå 1980-talet og fram til i dag. Tidslinja nedanfor gir deg ei enkel oversikt.

Forskjellar mellom 5G- og 4G-nettverk

Ein av dei viktigaste forskjellane mellom 4G- og 5G-nettverka er at 5G bruker høgare frekvensar enn 4G: Medan 4G vanlegvis bruker frekvensar under 6 GHz, bruker 5G også frekvensar over 24 GHz. Desse blir kalla millimeterbølgefrekvensar. Millimeterbølgefrekvensane gir 5G-nettverket høgare datafart, men dei har kortare rekkevidde og har vanskelegare for å passere gjennom hindringar som hus og tre.

Ein annan forskjell er at 5G-nettverket bruker ein avansert teknologi som blir kalla Massive MIMO (Multiple Input, Multiple Output). 5G-nettverket bruker fleire antenner både på sendaren og på mottakaren for å auke kapasiteten og farten på nettverket.

Ein tredje forskjell er at 5G-nettverket har lågare forseinking (latens) enn 4G-nettverket. Dette betyr at tida det tek for ei eining å sende ein førespurnad og få eit svar frå nettverket, er mykje kortare med 5G enn med 4G. Dette er spesielt viktig for applikasjonar som krev rask respons, som sjølvkøyrande bilar og automatiserte produksjonsprosessar.

Sist, men ikkje minst, bruker 5G-nettverket også ulike teknologiar for å optimalisere datatrafikken og sikre at einingane på nettverket får den beste tilkoplinga. Eit døme på slike teknologiar er Network Slicing (skivedeling), som deler nettverket i fleire virtuelle nettverk som kan tilpassast ulike typar applikasjonar og einingar.

5G mogleggjer Internet of things (IoT)

5G-nettet er opptil tjue gonger raskare enn dagens 4G-nett. I tillegg gir 5G langt betre kapasitet. Det vil bli mogleg å kople på eit langt større tal einingar på nett og å sende og få data for alle dingsane som er tilkopla.

Du har kanskje opplevd at mobilnettet blir veldig treigt eller kollapsar når fleire tusen menneske skal sende snaps og videoar samtidig frå ein stor konsert? Med 5G-nettet er faren for ein kollaps langt mindre fordi Network Slicing (skivedeling) gjer at nødetatar og annan kritisk informasjon alltid vil vere prioriterte i eigne sendeområde.

Vi kan forvente at dei fleste elektroniske einingane etter kvart vil kunne kople seg på 5G-nettet. Hovudtelefonane dine kan streame musikk rett frå den føretrekte musikkleverandøren din, du kan streame musikk og video på klokker, i bilar, båtar, tog, hytter, busshaldeplassar osb.

5G tek på mange måtar ut potensialet i IoT (Internet of things). IoT krev mange sensorar og einingar som kommuniserer med kvarandre i tilnærma samtid, og dessutan skybaserte datatenester som er i stand til å analysere og handtere informasjon raskt og effektivt. Alt dette er langt enklare å få til med eit trådlaust og universalt mobilt datanettverk.

Store moglegheiter for industrien

5G-nettverket vil også gi store moglegheiter for næringslivet og industrien, til dømes i form av avansert robotikk, automatisering og AI. Alt dette vil auke produktiviteten og effektiviteten i produksjons- og logistikkprosessar. God programmering, maskinlæring og/eller AI vil sette industrielle robotar som er avhengige av informasjon frå ei rekke industrielle sensorar, i stand til å operere nærmast autonomt.

Refleksjonsoppgåve: 5G-nett vs. wifi

Når nettfart og overføringskapasitet i det mobile nettet blir så gode som i 5G-nettet, blir kabelnettverk via fiber eller koaksialkabel i mange tilfelle overflødige.

  • Kva konsekvensar trur du dette kan få for bedrifter som i all hovudsak leverer kabla internettilkopling til private og bedrifter?

  • Kva fordelar og ulemper ser du ved å bruke 5G-nett i staden for kabla nett og wifi?

CC BY-SA 4.0Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2023