Hopp til innhald

Fagstoff

Internet of Things (IoT)

Tenk deg at ladekabelen til el-bilen din sjølv kommuniserer med ladeuttaket og gjer opp for seg på eiga hand. Eller at solcellepanelet ditt sjølv avgjer å selje overskotet av krafta du ikkje bruker sjølv, tilbake til straumnettet, eller kanskje til naboen din. Korleis kan dette bli mogleg?
Symbolsk bilete som viser eit nettverk av ulike gjenstandar som er knytte saman ved hjelp av mange linjer. Illustrasjon

Kva er Internet of Things?

Omgrepet (IoT, på norsk tingnettet) kallar ein nettverksinfrastruktur som koplar saman fysiske einingar og sensorar med Internett slik at dei kan samhandle og utveksle data. Desse fysiske einingane kan vere alt frå smarte einingar i heimen til industrielle maskiner og transportkøyretøy.

IoT-teknologi gjer det mogleg å overvake og kontrollere einingar og system på ein meir effektiv måte, samtidig som han gir moglegheiter for automatisering og forbetring av prosessar. IoT-einingar kan samle inn data frå omgivnadene sine og sende desse dataa til skydata-system (datasenter) der dei kan bli behandla og analyserte og bidra til betre avgjerder.

Kvar kan IoT brukast?

Moglegheitene for å nytte IoT-teknologi er nærast uendelege. Vi kan bruke han til straumsparing i smarthus, men også til endå meir framtidsretta og miljøvennlege løysingar, til dømes delingsøkonomiske system som straumdeling frå solcellepanel, bildeling eller leige av elektriske sparkesyklar. Kanskje vil vi gå frå smarthus til smarte nabolag og til og med smarte byar med hjelp av IoT-teknologien. IoT har også openberre bruksområde innanfor helse- og velferdsteknologi, transport og logistikk, moderne landbruk og industriell produksjon.

Korleis verkar IoT?

Sensorar er viktige komponentar i IoT-nettverk fordi dei gjer det mogleg for einingar å samle inn og sende data. Døme på slike sensorar er rørslesensorar, temperatursensorar, trykksensorar og lydsensorar.

Når ein sensor registrerer ei hending eller endring i omgivnadene, vil han sende eit signal til eininga han er kopla til, til dømes ei datamaskin eller ein smarttelefon. Denne eininga sender deretter dataa vidare til skya for behandling og analyse.

Dataa som blir samla inn frå sensorar, kan vere omfattande og komplekse og må analyserast. Dataanalysen kan avdekke mønster og samanhengar, identifisere avvik og gi betre innsikt i system og prosessar.

I IoT-nettverk blir dataa ofte behandla og analysert i skya. Skytenester tilbyr ulike verktøy for avansert dataanalyse, til dømes maskinlæring og kunstig intelligens, prediktiv analyse og visuell rapportering.

Utfordringar med sikkerheit og personvern

Sjølv om IoT-teknologi har mange fordelar, skaper han også nokre utfordringar knytte til personvern.

Store mengder tilgjengelege persondata

IoT-einingar genererer store mengder data, og desse dataa er ofte knytte til personar, til dømes personopplysningar, geografisk informasjon, helse- og biometriske data eller annan sensitiv informasjon. At så store mengder data er tilgjengelege, aukar i seg sjølv risikoen for at informasjonen vil bli misbrukt eller utnytta til uønskte formål.

Utilstrekkeleg datasikkerheit

IoT-einingar har ofte svakare sikkerheitsfunksjonar enn tradisjonelle datamaskiner, noko som kan gjere dei meir utsette for hacking og datatjuveri. Viss uvedkommande får tilgang til IoT-einingar, kan dei potensielt også få tilgang til store mengder sensitiv informasjon.

Manglande oversikt over informasjonsdeling

Når IoT-einingar kommuniserer med kvarandre, blir det ofte delt data på tvers av ulike einingar og applikasjonar. Dette aukar risikoen for at dataa kan bli brukte eller misbrukte av andre utan at personen som eig dataa, er klar over det.

Ny teknologi – nye reguleringsbehov

IoT-teknologien er relativt ny, og det kan vere vanskeleg å utvikle klare retningslinjer og reguleringar som balanserer behovet for innovasjon og framgang med omsynet til personvern og datasikkerheit.

EUs personvernforordning (GDPR)

For å takle personvernutfordringane har EU vedteke GDPR (General Data Protection Regulation), ei forordning som har som mål å verne personvernet til EU-borgarar og gi dei kontroll over eigne personlege data.

Forordninga stiller mellom anna krav til klarleik i informasjonshandtering, samtykke frå brukarar, personvern som standardinnstilling og -tiltak og sikkerheit ved behandling av data. Organisasjonar som ikkje overheld GDPR, kan bli ilagde bøter og andre straffetiltak.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023

Læringsressursar

Internet of Things