Berekne prisen på eit produkt
Tenk deg at du har ei bedrift som sel varer eller tenester med utgangspunkt i det yrkesfaglege programmet du går på. Det kan vere ein blomsteroppsats som skal lagast eller ein lettvegg som skal setjast opp. Nokon vil selje poteter i sekkar på 2,5 kilo, medan andre skal berekne pris for å setje opp ei nettside.
Oppgåve 1
Skriv opp minst tre produkt som høyrer til det yrkesfaglege programmet ditt. Hugs at med produkt blir det meint både varer og tenester. Ta med alt som inngår i produktet, inkludert arbeidstid.
Oppgåve 2
Vel deg ut eitt av produkta dine og kalkuler prisen på det, inkludert meirverdiavgift. Bestem sjølv om du vil bruke sjølvkostmetoden eller avansemetoden. Bruk så realistiske tal som mogleg for materialkostnader og timepris på arbeidstida di.
Relatert innhald
Lær korleis du bruker ein sjølvkostkalkyle til å rekne ut salsprisen på ei vare, og korleis du bruker rekneark i dette arbeidet.
Her ser vi korleis vi kan forenkle sjølvkostmetoden ved å bruke priskalkulering. Vi bruker rekneark til utrekningane.