Varierte kalkyleoppgåver
Lengst nede på sida kan du laste ned eit rekneark med utrekningane til dei fleste oppgåvene.
Ei sportsforretning selde 500 par fotballsko. Det gav ei samla inntekt på 35 000 kroner. Kva var gjennomsnittsprisen for skoa?
Vi skal rekne ut salsprisen for eit produkt med meirverdiavgift når inntakskosten er 50 kroner, dei indirekte kostnadene er 60 prosent, meirverdiavgifta er 25 prosent og fortenesta er 40 prosent.
a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?
b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.
Vi skal rekne ut salspris med meirverdiavgift på eit produkt når inntakskosten er 120 kroner, avansen er 120 prosent og meirverdiavgifta er 25 prosent.
a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?
b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.
Inntakskosten for ei vare i ein butikk er 126 kroner. Butikken har etter lang tid funne ut at eit påslagstal på 2,2 på alle varer gir nok forteneste til at butikken «går rundt».
a) Kva blir salsprisen med meirverdiavgift på denne vara?
b) Ei anna vare i butikken kostar 440 kroner. Kva er inntakskosten for denne vara?
Vi skal rekne ut salsprisen med meirverdiavgift for eit produkt når dei variable kostnadene er 40 kroner og dekningsbidraget per eining er 90 kroner. Meirverdiavgifta er 25 prosent.
a) Kva slags priskalkyle skal vi bruke her?
b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.
Ei bedrift har rekna ut at dei totale variable kostnadene for eit produkt var 25 000 kroner. Bedrifta selde 5 000 einingar, og dekningsbidraget per eining var 10 kroner. Vi skal finne utsalsprisen utan meirverdiavgift for éi eining.
a) Kva type priskalkyle skal vi bruke her?
b) Rekn ut salsprisen utan meirverdiavgift.
a) Utsalsprisen for ei vare utan meirverdiavgift er 250 kroner, og dei variable kostnadene per eining er 150 kroner. Rekn ut dekningsbidraget per eining.
b) Kva er dekningsgraden her?
Ei verksemd har eit overskot på 50 000 kroner. Dei faste kostnadene er 20 000 kroner. Talet på selde einingar er 3 000. Rekn ut salsprisen utan meirverdiavgift når dei variable kostnadene per eining er 15 kroner.
Vi skal finne salspris med meirverdiavgift per stykk ut frå dette grunnlaget: Innkjøpspris per stykk er 200 kroner, frakt per stykk er 10 kroner, indirekte kostnader er 65 prosent av inntakskost, forteneste er 45 prosent, og meirverdiavgift er 25 prosent.
a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?
b) Finn salsprisen med meirverdiavgift per stykk.
a) Leikebutikk AS kjøper inn eit parti bamsar. Inntakskosten for partiet er 50 kroner per bamse. Avansen er sett til 120 prosent. Meirverdiavgifta er 25 prosent. Kva må kunden betale for ein bamse?
b) Butikken «brenn inne» med 50 bamsar og må redusere prisen med 45 prosent for å få selt dei. Kva blir den nye prisen på ein bamse?
Dei variable kostnadene for ei vare ei verksemd handlar med, er 75 kroner. Verksemda har valt å selje vara vidare for 99 kroner (utan meirverdiavgift) av pristaktiske grunnar. Dei ønskjer òg at dekningsgraden på alle varer skal vere minimum 28 prosent.
a) Rekn ut dekningsbidraget.
b) Rekn ut dekningsgraden. Når verksemda målet sitt med denne prissetjinga?
c) Kva måtte salsprisen utan meirverdiavgift ha vore om dekningsgraden skulle vore 28 prosent? Ville du ha satsa på denne prisen eller halde på 99 kroner som pris?
Dei variable kostnadene for ei vare i ein butikk er 60 kroner. Butikken bruker konkurransebasert prissetjing og har valt å selje vara for 99 kroner (inkludert 25 prosent meirverdiavgift). Dei ønskjer òg at dekningsgraden på alle varer skal vere minimum 28 prosent.
a) Rekn ut dekningsbidraget.
b) Rekn ut dekningsgraden. Når butikken målet sitt med denne prissetjinga?
c) Kva måtte salsprisen utan meirverdiavgift ha vore om dekningsgraden skulle vore 28 prosent? Ville du ha satsa på denne prisen eller halde på 99 kroner som pris?
Ein butikk sel ei vare for 150 kroner inkludert 25 prosent meirverdiavgift. Butikken bruker ein avanse på 30 prosent på alle varene.
Rekn ut inntakskosten for denne vara.
Ein butikk sel ei vare for 150 kroner inkludert 25 prosent meirverdiavgift. Butikken reknar ut at dei indirekte kostnadene for alle varer er 15 prosent. Dei bruker å ta 20 prosent forteneste på alle varene.
Rekn ut inntakskosten for denne vara.
Filer
- Varierte kalkyleoppgåver(XLSX)