Farek har fått inn eit parti varer. Kan du hjelpe han å kalkulere dei?
Oppgåve
I sendinga er det fire ulike matvarer. Nokre av dei er typiske volumseljarar, altså varer det blir selt mange av. Farek plar rekne ut salsprisen med meirverdiavgift ved å bruke påslagstalet 1,35.
I denne oppgåva ser vi bort frå frakt og andre direkte kostnader. Fakturaen viser desse innkjøpsprisane:
- Norvegiaost kr 48,–
- Appelsinjus kr 11,50
- Lettmjølk kr 6,50
- Smør kr 9,–
- Kva er satsen for meirverdiavgift for desse produkta?
- Kva blir inntakskost for desse varene?
- Kva blir salsprisen med meirverdiavgift for kvart produkt?
Fasit oppgåve a
Satsen for meirverdiavgift på næringsmiddel var 15 prosent i starten av året 2020. Sjå Skatteetaten si side med satsar for meirverdiavgift.
Løysing oppgåve b
Sidan vi i denne oppgåva ser bort frå dei andre direkte kostnadene, blir inntakskost lik innkjøpspris.
Fasit oppgåve c
Produkt | Salspris med mva., kr |
---|---|
Norvegiaost | 64,80 |
Appelsinjus | 15,53 |
Lettmjølk | 8,78 |
Smør | 12,15 |
Filer
CC BY-NC-SASkrive av Steinar Madsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020