Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er helse?

God helse er nært knytt til oppleving av livskvalitet og å kunne meistre sin eigen kvardag. Helse omfattar både fysisk og psykisk helse.
Tenk etter

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet "helse"?

Syn på helse – holistisk og medisinsk

Det finst fleire syn på helse, og oppfatninga av kva som er god helse, varierer frå person til person. Dei fleste vil nok seie at helse handlar om meir enn å ikkje vere sjuk.

Holistisk syn

Det holistiske (heilskaplege) synet på helse inkluderer både fysisk og psykisk helse. Her blir helse forstått som noko alle har. Synet kvar enkelt har på helse, vil variere gjennom ulike faser i livet og kan endre seg avhengig av livssituasjon. Sjukdom eller arbeids- og familiesituasjon er døme på situasjonar i livet som vil påverke det du tenkjer om helse. Korleis du ser på helse, og korleis besteforeldra dine ser på helse, vil høgst truleg vere ulikt fordi de er i ulike faser i livet. Eit heilskapleg syn fokuserer på kva for moglegheiter du har til rørsle og tek utgangspunkt i føresetnadene dine. Ein er då oppteken av kva for faktorar som gir god helse og velvære framfor kva som fører til sjukdom.

God helse er grunnleggjande for at vi skal kunne utvikle oss både personleg, sosialt og økonomisk. I tillegg er god helse viktig for livskvaliteten vår og ein viktig ressurs for å meistre utfordringane i kvardagen. Bruken av omgrepet ressurs framfor ordet tilstand medfører at helse blir eit middel for å nå andre mål, i motsetning til at helse som tilstand er målet i seg sjølv.

Tradisjonelt medisinsk syn

I det tradisjonelle medisinske synet på helse blir folk delt inn i friske og sjuke. Du har helse om du er frisk og uhelse om du er sjuk. Det medisinske synet inkluderer både fysisk og psykisk helse og ser på helse som det normale. Å ha helse er det same som å ha god helse, og målet for samfunnet er at alle skal ha helse og vere friske til ei kvar tid. Å vere sjuk vil påverke helsa di negativt, og ved sjukdom (uhelse) er målet at du skal bli frisk igjen. Målet med å fremje helse er å førebyggje sjukdom, skadar og overvekt. Helse er ikkje noko alle har, men eit sluttprodukt du kan oppnå om du har ein livsstil med fokus på mellom anna riktig ernæring og tilstrekkeleg mengde fysisk aktivitet, i motsetning til det holistiske synet på helse der helse er ein del av livet.

Ulike definisjonar på helse

Professor Peter F. Hjort har laga denne definisjonen på helse: "God helse har den som har evne og kapasitet til å mestre og tilpasse seg livets uunngåelige vanskeligheter."

Verdas helseorganisasjon (WHO) definerte i 1948 helse som "en tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom eller lidelser".

Tenk etter

Korleis forstår du definisjonen til Peter F. Hjorth?

Korleis forstår du definisjonen til Verdas helseorganisasjon?

Kva er positivt og kva er negativt med Verdas helseorganisasjon sin definisjon?

Kvifor trur du samfunnet ønskjer å fremje helse?

Ulik oppleving av helse

Det er store variasjonar i kva menneske legg i omgrepet helse. På same måte som sjukdom blir opplevd ulikt frå person til person, vil òg oppfatninga om kva som er god helse, vere ulik. Ein person med utmerkt fysisk helse, god utdanning og økonomi kan likevel oppleve at helsa er dårleg fordi isolasjon og mangel på sosialt nettverk påverkar den psykiske helsa. På den andre sida kan ein person med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjing oppleve helsetilstanden sin som god fordi han eller ho med tilrettelegging meistrar kvardagen sin.

Tenk etter

Kva er helse for deg? Lag din eigen definisjon av helse.

Kva er dei viktigaste faktorane for at du skal oppleve god helse og livskvalitet?

Korleis vil du beskrive din eigen helsetilstand? Grunngi svaret.

Kjelder

Brønstad, A., Hoem, N. F. & Volden, M. (2016). Helse: Vg1 helse og oppvekstfag (3. utg.). Gyldendal.

Fugelli, P. & Ingstad, B. (2001, 10. desember). Helse – slik folk ser det. Tidsskriftet for Den norske legeforening, 121(30), 3600–3604. https://tidsskriftet.no/2001/12/tema-helse-og-kultur/helse-slik-folk-ser-det

Regjeringen. (2014, 16. desember). Verdens helseorganisasjon. https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/innsikt/internasjonalt-helsesamarbeid/innsikt/verdens-helseorganisasjon-who/id435126/

World Health Organization. (u.å.). Health Promotion. Henta 2. februar 2021 frå https://www.who.int/teams/health-promotion/enhanced-wellbeing/first-global-conference

CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan, Jorid Bakken Steigum og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021