Kropp i media - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kropp i media

Kva kroppsideal møter vi i media, og kva verdiar og normer formidlar dei?
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Idealkroppen

Vi har alle ein kropp, og kroppar kjem i alle slags fasongar og fargar, men likevel er det lite mangfald i kva kroppar som blir representerte i ulike tekstar og kulturuttrykk i media. Dersom du gjer eit biletsøk på "bikini", er dei fleste kroppane du ser, sannsynlegvis unge, slanke, veltrena, kvite og funksjonsfriske.

Tenk over

Carina Carlsen seier i filmen ovanfor at det er meir vanleg å ha kompleks for kroppen sin enn å like han. Kvifor er det slik, trur du?

Carlsen anbefaler at du ryddar opp i "feeden" (straumen) din i sosiale medium slik at du kan sjå fleire bilete av kroppar som liknar din eigen. Kva slags kroppsideal møter du i din feed?

Reklamebodskap speglar ofte kulturelle og på ein svært tydeleg måte fordi dei skal kunne bli avkoda kjapt og enkelt. Du og eg deler også helst bilete av oss sjølve der vi lever opp til normer og verdiar i den kulturen vi er ein del av, og dette blir forsterka av å få fleire "likes" (likarklikk). Dermed er det idealkroppen du ofte møter i media rundt deg.

Kroppen og identitet

Vi har kroppar, men vi er også kroppar. vår er ofte knytt til eigenskapar ved kroppen som påverkar korleis vi ser på oss sjølve og andre. Kroppsideal varierer på tvers av kulturar og over tid, og dei speglar andre samfunnsforhold. I vår moderne kultur er kroppen ei av dei få stabile kjeldene til identitet, der vi før hadde familie, religion og lokalsamfunn.

For mange er kroppen eit evig prosjekt, der vi jobbar med å forme og tilpasse oss til kulturelle normer og verdiar. Vi har stadig betre teknologi til å forme kroppane våre – kirurgi, kosmetikk og skjønnheitsprodukt, treningsopplegg og smartklokker. Samtidig har vi kanskje også auka motivasjonen til å forme kroppane våre, sidan vi oftare er eksponerte for bilete av både vår eigen kropp og andre sine kroppar. Når desse bileta i tillegg ofte er sterkt redigerte og manipulerte, blir prosjektet med å nå opp til ideala umogleg.

Makt og kroppsideal

Det er ikkje tilfeldig kven som har fått definere kroppsideal gjennom tidene. Her er det maktrelasjonane i samfunnet som kjem til uttrykk. Menn har lenge kunna definere korleis kvinnekroppen skal sjå ut, og dei har formidla eit ideal som skjuler mange av funksjonane til kvinnekroppen, som menstruasjon, fødsel og overgangsalder. Det same gjaldt rasebiologien, som definerte den europeiske kroppen som idealet og andre kroppar som avvik og bevis på ein meir primitiv mennesketype.

Eit positivt bilete på kroppen

Som du høyrde i filmen ovanfor, er det meir vanleg å ha kompleks for kroppen enn å vere fornøgd med han. Eit negativt kroppsbilete kan føre til både eteforstyrringar og dårleg mental helse. Derfor er det viktig å tenkje kritisk over korleis media kan bidra til eit negativt kroppsbilete. Men det er også viktig å lære seg korleis vi kan byggje opp eit positivt kroppsbilete.

Kroppspositivisme er tanken om at du har lov til å vere glad i kroppen din same korleis han ser ut, nettopp fordi kroppen er ein viktig del av kven du er. Eit positivt kroppsbilete handlar om at du set pris på det særeigne ved kroppen din, og alt du kan bruke han til, i staden for berre å vektleggje utsjånaden din samanlikna med idealbilete.

Kroppspositivisme i sosiale medium handlar om å dele bilete av glade kroppar i alle fasongar for å vise at det er lov å ha det godt med seg sjølv uansett. Samtidig har kritikarar peikt på at kroppsfokus i seg sjølv, same korleis kroppen ser ut, kan ha ein negativ effekt.

Tenk over

Kva vil du seie er idealkroppen i dag, dersom du skal dømme etter korleis kroppar blir framstilte i media du les? Kven er det som har over dette i dag, trur du?

Korleis kan vi bli flinkare til å setje pris på det unike ved kvar enkelt kropp og vektleggje kva kroppen kan gjere, heller enn korleis han ser ut?

Kjelder

Greger, M. W. (2021, 20. mai). For mye kropp i monitor: Ekspertene er kritiske til medienes dekning av kroppspositivisme. Journalisten. https://journalisten.no/ingeborg-senneset-kalbakk-kroppspositivisme/for-mye-kropp-i-monitor-ekspertene-er-kritiske-til-medienes-dekning-av-kroppspositivisme/461755

Vedvik, S. (2012). Kroppsbilde hos ungdom. En longitudinell studie av kulturelle, sosiale og individuelle faktorers betydning [Masteroppgåve, Universitetet i Oslo]. DUO Vitenarkiv. http://hdl.handle.net/10852/18204

Schilling, C. (2003). The Body and Social Theory (2. utg.). Routledge. Sage publications Ltd.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022