Trening, kropp og helse - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Trening, kropp og helse

Trening, kropp og helse er noko som opptek mange, og dagleg ser vi reklame og annonsar for ulike produkt som skal vere bra for oss eller hjelpe oss til eit betre liv.

Å sko seg på treningsglade nordmenn

Sjå episoden "Treningsutstyr" i NRK-serien Folkeopplysningen.

  1. Drøft påstandane under.

    • Kompresjonstights gir deg betre restitusjon.

    • Proteinpulver er naudsynt for å byggje musklar.

    • Løpesko må passe til pronasjonen din.

    • Shoestone gir betre fysisk form og mindre skadar.

  2. Mange nordmenn bruker mykje tid og pengar på å halde seg i form. Kvifor trur du det er slik?

  3. Kvifor lèt vi oss lure av reklame? Grunngi svaret ditt.

Undersøk

Undersøk bloggar, sosiale medium og YouTube-filmar eller -kanalar som rettar seg mot trening, kropp eller helse.

  • Finn éin reklame for eit produkt du blir freista til å kjøpe, eller som høyrest for godt ut til å vere sant.

  • Korleis kan du sjå at dette er ein reklame eller ein annonse for eit produkt? Forklar og grunngi svaret ditt.

  • Kva er det som gjer at du blir freista til å kjøpe dette produktet, eller kva i reklamen høyrest for godt ut til å vere sant? Kom med konkrete døme.

  • Finnes det forsking på dette produktet? Kva seier forskinga? Kan du stole på denne forskinga? Grunngi svaret ditt.

Lag ein reklame

Lag ein reklame for eit valfritt produkt knytt til trening, kropp og helse.

  • Kva vil du skrive for at nokon skal kjøpe dette produktet?

  • Korleis vil du marknadsføre produktet?

  • Prøv å selje inn produktet ditt til nokon du kjenner. Forklar korleis det gjekk.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021