Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er styrke?

Styrke er evna muskelen har til å utvikle kraft.

Kvifor treng du styrke?

Styrke er ein viktig basiseigenskap og omfattar all aktivitet der du bruker musklane dine. Du bruker styrken din når du går på tur, ber handleposen heim frå butikken eller gjer fritidsaktivitetar med venner. Regelmessig styrketrening gir deg ei rekke helsegevinstar og førebygger mellom anna skadar og belastningslidingar. I tillegg er styrke ein viktig eigenskap viss du vil prestere i aktivitet og idrett.

Kor mykje styrketrening treng du?

Når du trener, blir muskelen bygd opp til å tole endå meir aktivitet. Trening gjer oss sterkare. Akkurat kor ofte du må trene, er avhengig av kor hardt og lenge du trener kvar gong, og kor aktiv du er i det daglege elles. Styrketrening kan gjerast overalt både med og utan utstyr. Det skal lite til for å halde styrken ved like, men det blir kravd litt ekstra for å auke styrken. For helsa sin del er all aktivitet og trening som du gjennomfører, betre enn ingenting.

Video: Milestep / CC BY-SA 4.0
CC BY-SA 4.0Skrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020