Kvifor trene styrke? - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor trene styrke?

Styrketrening gir deg ein sterkare muskulatur. Det er gunstig i både idrett og dagleg- og arbeidsliv.

Helsefordeler

Ved regelmessig styrketrening oppnår du ei rekkje helsefordelar:

  • sterkare musklar
  • sterkare skjelett og ledd
  • reduserer risikoen for muskel- og skjelettplager og sjukdommar
  • aukar, held ved like og motverkar tap av muskelmasse
  • hjelper deg med å kontrollere kroppsvekta

Meir velfungerande i dagleg- og arbeidsliv

I dagleglivet blir du ofte møtt med situasjonar som stiller krav til styrke. Regelmessig styrketrening vil gjere at ein del av desse vil kjennast lettare. Skal du på tur i skog mark, vil du vere betre rusta til å bere tungt, handleposen vil ikkje verke så tung, og du vil generelt oppleve at alle gjeremål blir lettare.

Styrketrening er viktig i mange yrke, som til dømes i bygg- og anleggsbransjen, i helsesektoren og i landbruket. Dette er fysiske yrke som krev at du er i stand til å bere, løfte og skyve tungt, men også i stillesitjande yrke er det ein fordel å ha god styrke.

Betre prestasjonar i idrett

Muskelstyrke er nødvendig i alle idrettar. Nokre gonger er det krav om eksplosiv muskelstyrke, til dømes ein smash i volleyball eller å springe hundre meter sprint. Andre idrettar blir kjenneteikna av uthaldande muskelstyrke. Her er ikkje den direkte muskelinnsatsen like stor, men musklane må yte over lengre tid, til dømes når du syklar eller går på ski. Ved å byggje opp den muskulaturen som er viktigast i idretten din, kan du auke prestasjonane dine.

Skadeførebygging og rehabilitering

God styrke viktig i mange yrke. Det vil ikkje berre bli lettare å utføre jobben, men det kan òg førebyggje ein del skadar og belastningslidingar. Du vil vere i betre stand til å tole tunge løft i byggjebransjen, eller førebyggje plager i rygg, skuldrer og nakke viss du utfører mykje av jobben din framfor ein PC–skjerm.

I mange situasjonar er styrke- og uthaldstrening ein del av rehabiliteringa etter skadar og sjukdommar. Ved ein akutt okleskade, "overtråkk", i ankelen vil det vere viktig å trene opp ankelen til å bli like sterk eller sterkare enn før. I mange skadetilfelle vil styrketrening vere avgjerande for om og kor raskt du blir bra igjen. Når det gjeld enkelte muskel- og skjelettsjukdommar, kan styrketrening bidra til ein betre livskvalitet.

Ein sterk og stabil kropp er svært viktig for førebygging av skadar, uansett aktivitet og idrett.

Skrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020