Hopp til innhald
Fagartikkel

Leggskadar

Belastningsskadar er den vanlegaste skadetypen i leggane, fordi leggane er utsette for enorme påkjenningar under mange ulike aktivitetar. Andre alvorlege skadar som kan oppstå her, er brot i akillessena og i det eine leggbeinet.

Avriving av akillessena

Akillessena er den tjukkaste og sterkaste sena i menneskekroppen. Men det er også den sena som er utsett for størst belastning, og som derfor ryk oftast. Skadane kjem hyppigast hos utøvarar på mellom 35 og 45 år, som tidlegare har vore aktive i ballidrettar der raske retningsforandringar og hopp er regelen. Tennis, squash, volleyball, badminton og fotball er nokre døme. Men akillesskadar kan også friidrettsutøvarar kome ut for.

Av og til kan ein pasient fortelje at hen har hatt smerter i sena over lang tid, men som oftast ryk sena heilt utan varsel. Symptomet er akutt, intens smerte i akillessena. Ofte kan vi også høyre ein tydeleg smell, og pasienten snur seg for å sjå «kven det var som sparka til meg». Pasienten klarer ikkje å gå på tærne og kan heller ikkje løfte foten normalt.

Skaden kjem nesten alltid av at utøvaren har gjort eit hopp eller har skyvd kraftig frå med foten for å skifte retning. Det kan til dømes vere ein squash- eller badmintonutøvar som skal flytte seg raskt bakover for å ta ein ball langt bak på banen.

Diagnosen må stillast av ein lege. Eit sikkert teikn på at akillessena er sliten av, er at pasienten ikkje klarer å strekkje okleleddet, og at vi kan kjenne eit tydeleg «søkk» når vi tek på skadestaden. Det finst også ein spesiell test, Thompsons test, som legen kan gjere for å stille ein helt sikker diagnose.

Leggbrot

Alpinistar var tidlegare svært ofte utsette for leggbrot (såkalla støvelkantbrot). Men etter kvart som utløysarbindingar og skistøvlar har blitt stadig betre, førekjem ikkje slike skadar så ofte lenger. Til gjengjeld har alpinistane fått fleire kneskadar.

Obligatorisk bruk av leggvern i fotball har også minska risikoen for leggbrot og støytskadar mot leggmuskulaturen og skinneleggen. Men det er avgjerande at dette verneutstyret passar godt til utøvaren!

Belastningsskadar

Dei vanlegaste belastningsskadane gir seg uttrykk i smerter framme på leggen, beinhinnebetennelse, og i akillessena – av og til også i andre sener på leggen. Trøyttleiksbrot er heller ikkje uvanleg hos utøvarar som trener mykje.

Den vanlegaste årsaka er «for mykje, for ofte, for tidleg», altså at utøvaren aukar treningsmengda og treningsintensiteten for raskt. Vi ser det ofte i samband med sesongoppkøyringa, når utøvarar og lag iblant aukar treningsmengdene svært mykje på altfor kort tid.

Nokre ytre faktorar som aukar risikoen, er springing på hardt underlag, som asfalt, hallgolv eller is, løpesko med dårleg demping, dårleg tilpassa sko og kaldt klima. Somme utøvarar er meir utsette enn andre, særleg dei med såkalla aksefeil. Det vil seie at aksen mellom fot, okle, legg og kne ikkje er rak, slik at utøvaren blir plattfot, at det er ei feilstilling i knea (utøvaren er hjulbeint eller kalvbeint), at føtene er roterte innover, eller at utøvaren har bein med ulik lengd.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Senter for idrettsskadeforskning.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020