Hopp til innhald

Fagstoff

Okleskadar

Akutte okleskadar, eller det vi kallar "overtråkk", er idrettsskade nummer éin. Kvar femte idrettsskade er ein okleskade!
Avslite leddband på utsida av ei okle markert i raudt. Illustrasjon.

Nyttig å vite om akutte okleskadar

Ankelskade på utsida av ei okle, markert i raudt. Illustrasjon.

Den vanlegaste okleskaden er ein "overtråkksskade". Slike skadar oppstår i samband med stopp, vendingar, hopp eller landing der utøvaren landar forkjært. I basketball og volleyball, der det er mykje okleskadar, er den vanlegaste årsaka at ein spelar landar på foten til ein annan.

Fotball stiller i ei særklasse. Her skjer det talrike skadar under taklingar. Som oftast blir spelaren treft på innsida av leggen eller foten, og okla blir vridd innover akkurat idet spelaren skal til å leggje vekt på foten.

Kva strukturar som blir skadde inne i okla, kjem an på kva veg forstuinga skjer, og kor stor krafta i støyten er. Dei aller fleste skadane oppstår ved at vi landar på utsida av foten, slik at han blir rotert og vridd innover, som teikninga viser. Skadar på innsida er meir sjeldne. Når dei skjer, kjem det av at okla blir rotert og vridd i motsett retning.

Kva består skaden av?

På utsida av okla har vi tre leddband, som alle er festa like under okleknoken. I over halvparten av tilfella er det berre det fremste leddbandet som blir skadd. Dersom kreftene har vore store, for eksempel når ein spelar landar oppå okla frå stor høgd eller spring på okla med høg fart, kan det midtre – og ein sjeldan gong også det bakre – leddbandet bli skadd.

Når eit leddband blir rive av, blir også dei mange blodårene inne i bandet rivne. Då tek det ikkje mange minutta før det dannar seg ei stor bløding.

Ein leddbandsskade på utsida fører derfor vanlegvis til at beinet hovnar opp framfor og under okleknoken på utsida, mens ein leddbandsskade på innsida gir ei tilsvarande opphovning under knoken der. Opphovninga skjer på få minutt og kan bli ganske kraftig. Etter nokre dagar kan vi ofte sjå blodsamlingar i huda i det skadde området. Etter kvart som blødinga gir seg, går hevinga tilbake, og huda får gradvis normal farge igjen.

Les om eksentrisk trening i behandlinga av akillestendinopati (skadefri.no)

Les om tung roleg styrketrening i behandlinga av akillestendinopati (skadefri.no)

Film om behandling av overtråkk frå Senter for idrettsskadeforskning (skadefri.no)

CC BY-NC-SASkrive av Senter for idrettsskadeforskning.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020

Læringsressursar

Idrettsskadar