Om orientering - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Om orientering

Å kunne finne fram i terrenget med hjelp av kart og kompass er både spennande og utfordrande. Idretten kan tilpassast alle ferdigheitsnivå, slik at kvar og ein kan orientere på sitt eige nivå. Lengd og vanskegrad på løypene blir tilpassa dei ulike nivåa til løparane.

Beskriving av sporten

Orientering er ein idrett som har som mål at ein skal ta seg raskast mogleg gjennom ei løype i terrenget. Vegvalet er fritt, men ein skal passere eit gitt tal postar i ei bestemt rekkjefølgje. Utfordringa er å velje ein veg som er rask, lett å springe og har haldepunkt slik at ein ikkje rotar seg bort.

Kart og kompass er dei hjelpemidla som løparen bruker for å ta seg fram. Kartet inneheld informasjon om terrenget og har løypa teikna inn. Med litt øving kan du lese kartet samtidig som du går eller spring.

Orienteringa si historie

Idretten har sitt utspring frå militæret i Sverige på slutten av 1800-talet. Med større tilgang på gode kart blei det viktigare og viktigare at soldatane kunne bruke dei til å ta seg raskt og sikkert fram i ukjent terreng.

I Noreg blei det første sivile orienteringsløpet arrangert i Sørkedalen i 1897.

Det var i 1930-åra utviklinga verkeleg sette fart. Da blei det tilgang til rimelege og gode kompass. Norges Orienteringsforbund blei stifta 1. oktober i 1945.

Skrive av Norges Orienteringsforbund.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018