Førstehjelp på tur
Både små og store skadar kan oppstå når ein er ute på tur. Derfor er det best å vere budd på kva som kan skje. Dei vanlegaste skadane er gnagsår og skrubbsår. Kuttskadar, forbrenning og forfrysning er også vanleg, i tillegg til overtråkk og brotskadar i arm eller bein.
For å førebu seg på å handtere skadar er det viktig å ha tenkt igjennom kva for skadar det er truleg at kan oppstå på den turen du skal på. Har du heilt nye fjellskor? Er det mykje stein eller ur? Skal du lage mat på bål eller primus? Er det meldt mykje vind eller dårleg vêr?
Å gjere gode vurderingar og velje turar etter evne er også med på å førebyggje skadar.
- Inngåtte fjellskor kan førebyggje gnagsår. I tillegg kan du teipe område du veit er utsette for gnagsår før du drar på tur.
- Fornuftig bruk av kniv og øks på tur kan førebyggje kuttskadar.
- Lær deg å bruke primus før du drar på tur, dette kan førebyggje forbrenningar og branntilfelle.
- Riktig tøy til riktig vêr er med på å førebyggje forfrysningar. I tillegg kan det vere lurt å ha med seg ein vindsekk om du skal på tur i fjellet.
- Gode skor, som er tilpassa turen, er med på å hindre overtrakk og brotskadar.
Det er viktig å hugse å ta med førstehjelpsutstyr. Lag gjerne ditt eige førstehjelpsskrin. Det bør minimum innehalde:
- plaster
- gnagsårplaster
- sportsteip
- enkeltmannspakke
- Om du ønskjer å ha med deg meir utstyr, kan du ta med sterile kompressar, elastisk bind / bandasje, smertestillande tablettar og plastfolie. Kompressane eignar seg til både sårreins og til å forbinde sår. Elastisk bind / støttebandasje eignar seg til å redusere heving ved akutte skadar som overtråkk. Plastfolien eignar seg godt til å forbinde kuttskadar, brannskadar eller brotskadar. I tillegg kan det fungere som fatle om du skulle skade armen.
- Det er ikkje så mykje hjelp i utstyret om du ikkje kan å bruke det. Øv deg på å bruke det før du skal på tur, slik at du er budd om uhellet skulle vere ute.
Relatert innhald
Merk deg uttrykket PRICE og prøv å hugse kva bokstavane står for. Du vil få bruk for kunnskapen og bli glad for at du tok deg tid til å tileigne deg han.
Du kan bruke kart og digitale verktøy for å få oversikt over eit område. Med teknologien vi har i dag, er det mange moglegheiter.