Hopp til innhald

Fagstoff

Om naturferdsel

Til alle tider har vi menneske brukt naturen. Transport og matauk, som jakt, fiske og hausting, skjedde i naturen fordi det var naudsynt for å klare seg. Stadig fleire søkjer ut i naturen også i moderne tid. Her skal du få vite litt meir om bruken av naturen og framveksten av friluftslivet.

Framveksten av friluftslivet

Reflekter over

  1. Kva for forhold har du til naturen? Kvifor trur du at du har eit slikt forhold til naturen?
  2. Kva er naturferdsel og friluftsliv for deg? Sjå gjerne på bileta i presentasjonen over.
  3. Kva for type naturferdsel og friluftsliv liker du best, eller kunne du tenkje deg å prøve? Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2019

Læringsressursar

Naturferdsel

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar