Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digitale verktøy

Kart og digitale verktøy kan du bruke for å til dømes få oversikt over eit område. Med teknologien vi har i dag, er det mange moglegheiter. I desse oppgåvene skal du få jobbe med nokre av dei.

Det handlar om å bruke informasjonen som er tilgjengeleg, for å sikre din og andre sin tryggleik når du skal ut på tur.

Oppgåve 1. Digitale kart

Dette er ei øvingsoppgåve for å bli kjent med digitale kart over nærområdet ditt. Bruk nettsida UT.no. Denne oppgåva tek utgangspunkt i utforminga av nettsida, men du kan også bruke UT-appen.

Søk opp området du bur i, eller området som skulen ligg i. Vel kart. Kva kan kartet fortelje deg?

  1. Gjer deg kjent med kartet. Bruk litt tid på å finne att stader du har vore før. Finn til dømes skulen, huset du bur i, barneskulen din, nærbutikken, idrettsplassen og liknande. Bruk zoom-knappen til å zoome ut og inn for å få eit betre overblikk.
  2. Kva for turmoglegheiter kan du finne i nærområdet ditt? Kvar går det an å starte turen?
  3. Kan du finne merka ruter, som til dømes stiar eller skiløyper? Bruk menyknappen til venstre for å velje sommarstiar og vinterruter.
  4. Sjå deg ut eit turmål, ein plass du kunne tenkje deg å dra. Du kan også bruke denne kartlenka (UT.no). Bruk linjalen heilt nedst i høgre hjørne for å måle avstanden frå startpunktet til turmålet.
  5. Når du veit at du bruker å gå 3 km/t med tung sekk i flatt terreng, og at 4 km/t er vanleg gangfart utan oppakning, og at ein i tillegg reknar 20 minutt per 100 meter stigning – kor lang tid vil du då bruke på å gå distansen du kom fram til i førre oppgåve?
  6. Finn ut om det er "farleg bratt" i området der du skal på tur. Trykk på dei tre arka ved sida av linjalen nedst i høgre hjørne. La karttypen vere eit topokart og vel brattleikskart under kartlag. Trykk på pila ved sida av for å sjå korleis skalaen er bygd opp.
  7. Kan du finne hytter eller naudbuer i nærleiken? Hugs å merke av på hytter i menyen til venstre. Kor lang avstand er det frå turmålet til nærmaste naudbu?
  8. Du kan velje mellom tre ulike karttypar: topokart, papirkart og oversiktskart. Samanlikn desse karta, og finn ut kva som er forskjellen på dei.

Lenka under er eit døme på eit digitalt verktøy det går an å bruke i undervisninga. Du kan lage eigne digitale vandringar og kople punkt i kartet med oppgåver, tekst, bilete og lydklipp.

Oppgåve 2. Dekning

I denne oppgåva skal du finne dekningskart for mobiloperatøren din. Gå inn på nettsida til Telia, Telenor, OneCall eller ein annan operatør.

  1. Finn kart over området du skal på tur. Zoom inn for å finne ut korleis dekninga er på strekninga du skal gå frå start til turmålet.
  2. Kvar på strekninga er forholda best?
  3. Kvar på strekninga er forholda dårlegast? Viss forholda er veldig dårlege i området der turmålet er, kvar kan du gå for å finne dekning?

Oppgåve 3. Vêrmelding

No skal du finne ut korleis vêret er meldt når du skal på tur. Bruk anten ein app eller ei nettside. Undersøk både Yr og Storm.

  1. Melder Yr og Storm det same vêret for området du skal på tur? Viss ikkje, kven kan du stole på? Diskuter med sidekameraten.
  2. Kva seier vêrmeldinga? Korleis må du førebu deg til å dra på tur i det vêret som er meldt, med omsyn til både tryggleik og turoppleving?

Oppgåve 4. Skredvarsling

Viss du skal på tur i fjellet om vinteren, er det lurt å sjekke skredvarslinga og is-varsel for området før du drar.
Sjekk skredvarsel og isvarsel varsom.no.
Bruk menyen til venstre for å velje snøskredvarsling og isvarsling. Du kan i tillegg bruke appen "Bratt" frå Norges Geotekniske Institutt. Appen syner detaljerte hellingskart og topografiske kart for heile Noreg.

  1. Finn ut korleis forholda er i området du skal på tur i det aktuelle tidsrommet.
  2. Kva for råd gir nettsida?
  3. Kva for utfordringar kan du støyte på? Korleis kan du førebu deg til dette? Kva for forholdsreglar bør du ta med tanke på tryggleiken?
CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2019

Læringsressursar

Naturferdsel