Hopp til innhold
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av kart og kompass

Kart er eit detaljert og forminska bilete av eit landskap sett ovanfrå. Det finst ulike typar kart, til dømes orienteringskart og turkart. Her skal du få vite meir om kart, målestokk og korleis du kan nytte eit kompass.

FooterHeaderIconFooter iconLK20


Eit kart gir deg mykje nyttig informasjon du kan nytte når du planlegg eller er på tur.

Karttypar

Det finst mange typar kart. Kva slags informasjon kartet inneheld og eigenskapar ved kartet, varierer etter kva slags føremål det er laga til. Til turbruk finst det eigne turkart. Dei dekkjer gjerne større fjell- eller skogområde. Ofte har dei ein del informasjon om turområdet trykt på baksida. Orienteringskart er laga for eit avgrensa område og blir gjerne nytta i nærområdet.

Kartmappe

Beskytt kartet slik at det ikkje blir vått eller rive sund. Brett kartet slik at området der du er, synest, og oppbevar kartet i ei kartmappe saman med kompasset. Her er det òg plass til ein blyant og eit ark. Du kan fint nytte ein plastpose med lukkefunksjon.

Målestokk

Målestokk på eit kart fortel oss om forholdet mellom den avstanden vi måler på kartet, og faktisk avstand i terrenget. Viss målestokken er 1 : 50 000, vil det seie at 1 cm på kartet er 50 000 cm i verkelegheita. Vi gjer om talet til meter ved å stryke to nullar. 1 cm på kartet blir då 500 meter i terrenget.

Turkart har ofte målestokk 1 : 50 000 eller 1 : 100 000. Eit orienteringskart er meir detaljert og har gjerne ein målestokk på 1 : 10 000.

Kartteikn

Former og detaljar i terrenget blir viste på kartet med ulike teikn, fargar og symbol som vi kallar kartteikn.

Kart med teikn, symbol og ulike fargar. Foto.

Orienteringskart med teiknforklaring

Undersøk:

Bruk eit vanleg turkart. Du kan òg lage ditt eige turkart med funksjonen "Mitt turkart" hos Kartverket: Turkart (kartverket.no).

  1. Er det nokre kartteikn du kjenner frå før?
  2. Finn du nokre teikn eller symbol du ikkje veit kva betyr? Nytt teiknforklaringa og finn ut kva dei fortel.
  3. Kva betyr dei ulike fargane på kartet?
Skisse som viser høgdekurver og terreng. Illustrasjon.

Høgdeforskjellen i terrenget mellom to høgdekurver på kartet blir kalla ekvidistanse.

Ekvidistanse

Dei brune linjene på kartet er høgdekurver som viser høgdeforskjellen i terrenget. Jo tettare det er mellom kurvene, jo brattare er terrenget.

Ekvidistansen fortel kor stor høgdeforskjell det er mellom kvar kurve. På eit turkart i målestokk 1 : 50 000 er ekvidistansen 20 meter. Det betyr at viss vi har gått oppover i terrenget frå den eine streken til den neste, er høgdeforskjellen 20 meter.

Det står alltid oppgitt på kartet kva ekvidistansen på kartet er.

Rutenett

Når vi held kartet slik at vi kan lese det som står på det, er øvst på kartet mot nord. Kartet har eit rutenett av linjer. Linjene går frå topp til botn av kartet (nord–sør), og frå høgre til venstre side (øst–vest). Dette er hjelpelinjer i eit koordinatsystem. Koordinatsystemet gjer det mogleg å oppgi posisjonen til alle punkt på jorda ved hjelp av bokstavar og/eller tal.

Finne vegen

Orientere kartet

Når du nyttar kartet, er det lurt å orientere det etter terrenget. Då er det enklare å sjå samanhengen mellom kartet og terrenget rundt deg. Dette gjer du ved å leggje kompasset oppå kartet. Vri kartet slik at kompassnåla peiker mot nord på kartet. No vil landskapet rundt deg og kartet stemme overeins.

Ledelinjer

Ledelinjer er detaljar på kartet som er lette å finne og følgje i terrenget. Døme på ledelinjer er stiar, vegar eller bekkar. Følgjer du ledelinjer, er det ein sikker måte å finne vegen på.

Følg med på kartet

Nytt kartet jamleg. Følg med etter kvart som du beveger deg i terrenget. Nytt ledelinjer og detaljar til å avgjere kor du er. Viss du blir i tvil om kor du er, er det lettare å finne det ut viss du har følgt med på kartet undervegs.

Kompasskurs

Kompasskurs blir nytta når vi treng å vite i kva retning vi skal gå. Det kan vere viss vi har få ledelinjer å følgje, terrenget er einsarta og ope, eller viss det er tåke og dårleg sikt.

Slik tek du ut og går ein kompasskurs:

  1. Legg kompasset slik at kanten på kompasset følgjer den rette strekninga frå den staden du står, til den staden du skal. Pass på at marsjpila peiker i den retninga du skal gå.
  2. Vri kompasshuset så linjene i kompasshuset blir parallelle med nord–sør-linjene på kartet (rutenettet). Pass på at nordpila i kompasshuset peiker mot nord på kartet (det vil seie opp på kartet).
  3. Hald kompasset flatt i handa. Den raude kompassnåla vil svinge fritt og stille seg inn så ho peiker mot nord. Drei på deg til kompassnåla ligg saman med den raude nordpila.
  4. No peiker marsjpila i den retninga du skal gå. Sikt inn eit punkt. Gå dit og ta eit nytt sikt.

GPS

Smarttelefonar har ein innebygd GPS. Det går òg an å kjøpe eigne GPS-ar som er mynta på tur og annan utandørs bruk. GPS er ei forkorting for Global Positioning System. Satellittar går i bane rundt jorda. GPS-en tek imot signal frå desse og reknar ut kva posisjon vi befinn oss på. Når denne posisjonen blir plassert på eit digitalt kart, har vi eit godt hjelpemiddel når vi skal finne ut kor vi er og orientere oss i terrenget. På tur kan denne teknologien svikte. Mobilen kan bli tom for straum, vi kan mangle dekning på telefonen eller skjermar og knappar kan fungere dårleg i kulde. Vi må derfor alltid ha med kart og kompass og kunne å nytte det.

Kva kan du om kart og kompass?

Sist oppdatert 15.11.2019
Skrevet av Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth

Læringsressurser

Naturferdsel