Hopp til innhald

Fagstoff

Påkledning på tur

Riktig tøy på tur kan vere avgjerande for turopplevinga. I friluft kan du forvente både skiftande vêr og føreforhold, og det blir stilt andre krav til tøyet du skal bruke ute enn tøyet du til dømes bruker i kvardagen. Her skal du få vite meir om korleis du bør kle deg når du skal på tur.

Riktig tøy gir komfort og tryggleik

Kvardagstøy tilpassa innebruk, eignar seg ikkje så godt til bruk ute. Feil påkledning kan i verste fall vere direkte farleg ute på tur. Dessutan er komfort viktig. Riktig tøy kan vere med på å gjere turen meir komfortabel. Å fryse på tur er inga kjekk oppleving.

Lag-på-lag-prinsippet

Prinsippet for riktig påkledning er at du skal ha eit isolerande lag inst og eit vindtett lag ytst. Dette blir kalla for lag-på-lag-prinsippet. Vi har tre forskjellige lag. Undertøy, mellomlag og ytterlag. Med fleire lag med klede på kroppen er det enklare å regulere varmen. Er du varm, tek du av deg eit plagg, mens viss du er kald, tek du deg eit plagg. Viss du kler deg i eitt tjukt lag, blir du fort varm når du er i bevegelse. Om du skal ta av deg det eine plagget, blir du fort for kald. Derfor er det tilrådd at du kler deg i fleire tynne lag.

Generelt må plagga vere så store at dei tillét at du er i bevegelse utan at dei sklir opp. Dei bør ha regulerbare sopningar, spesielt rundt handledd og hals, som du kan opne opp for å kvitte deg med overflødig varme, men også for at du skal kunne stenge vind og nedbør ute. Vått tøy har dårlegare varmeisolasjon enn tørt tøy. Å kle seg riktig handlar om når du er i ro og riktig ventilasjon når du er i aktivitet. Vinden kan gjere det mykje kaldare enn gradestokken syner.

Lag 1 – undertøy


Heilt inst mot kroppen er det tilrådd at du har på deg ei ulltruse eller ein boksarshorts i ull om vinteren. Jenter bør bruke ein sports-bh av ull. Utanpå dette bør du ha på deg tettsitjande ulltrøye og stillongs av ull, for at det ikkje skal bli plass til for mykje kald luft. Er det kaldt, kan du bruke to tynne ulltrøyer. Ull har den eigenskapen at ho held på varmen sjølv om det blir vått. Bomull sug derimot til seg sveitta, isolerer dårleg og blir iskald. Det hjelper ikkje om du har på deg ulltrøye og ullstillongs, dersom du har truse og bh i bomull. Det er derfor tilrådd å alltid bruke ull inst mot kroppen. Det er også viktig å hugse at føtene er veldig utsette. Bruk derfor eitt eller to lag med ullsokkar på føtene.

Lag 2 – mellomlag


Dette laget skal isolere og hjelpe deg med å halde på varmen som kroppen produserer, det skal også transportere fuktigheit bort frå kroppen. Dette laget kan bestå av ei jakke eller ein genser i anten ull eller fleece, som du gjerne tek på deg i pausen, ofte omtalt som “pauseplagg”. Nokre føretrekkjer å ha på seg ei dunjakke utanpå ytterlaget i staden for eit pauseplagg under. Dette er smak og behag. Finn ut kva som høver deg best.

Lag 3 – ytterlag


Dette laget, som består av bukse og jakke, skal beskytte mot vêr og vind.
Om hausten, om det ikkje regnar eller snør, held det ofte med ei turbukse og ei vindtett jakke. På den kalde tida av året kan du ha behov for eit ytterlag som er vindtett og som kan sleppe ut overflødig varme frå innsida. I tørt vintervêr er impregnerte plagg av bomull eit godt alternativ. I fuktig vêr med snø og vind ønskjer du å halde fuktigheita ute, då er å føretrekkje.


Hovud og hals gir frå seg mykje varme, bruk derfor lue av ull eller vindtett materiale og ein hals. På føtene bør du ha skor tilpassa aktiviteten. Skor til bruk når det er kaldt, bør ha tjukk sole som isolerer og gjerne vere av lêr. Dette kan anten vere skistøvlar, høge fjellstøvlar eller andre typar vinterskor. Du bør ha ekstra store skor om du skal vere i lite aktivitet, då du treng å ha plass til eit ekstra par ullsokkar og ein ullsole. Er det mykje snø, eller du skal gå på ski, bør du ha gamasjar eller snølås i buksa for å unngå å få snø ned i skorne.

Ein person går med fjellstøvlar i skogen. Foto.


Om hausten er det fleire alternativ, dette avhenger av aktiviteten. Om du skal gå langt og bere tungt, eller gå mykje i steinur, bør du ha høge støvlar som støttar rundt anklane. Låge fjellskor med robust sole er eit godt alternativ om du skal gå på fin sti utan så mykje oppakning. Slike skor avviser som oftast vatn, slik at du ikkje blir våt på beina om det er litt blautt på bakken.

På hendene kan du anten bruke ein ullvott med ein vindvott utanpå, eller eit par fora hanskar. Val av vottar kjem an på aktiviteten. Om vinteren er det tilrådd med ullvott med vindvott utanpå. Blir vindvotten våt, held ullvotten deg framleis varm. Du kan også ta ut ullvotten og tørke han. I ein vott kan fingrane varme kvarandre, det er derfor det beste alternativet på kalde vinterdagar. Ein hanske gir deg betre grep om du arbeider utandørs og du treng å bruke hendene meir aktivt.

Er du kald og skal vere i ro, kan det vere fint å ha på seg dunjakke ytst. For "frosenpinnar" kan dette vere heilt avgjerande for komforten og trivselen på tur.

Test deg sjølv!

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly, Ragnhild Kjeldsen og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Naturferdsel