Er friluftsliv ein berekraftig aktivitet?
Her finn du oppgåver med ulik vinkling. Vel sjølv kva for oppgåver du vil jobbe med.
Oppgåve 1. Friluftsliv i nærmiljøet
Du skal planleggje ein tur. Ta utgangspunkt i sida Turplanlegging (NDLA).
Planlegg anten ein dagstur i nærmiljøet eller ein tur med overnatting i nærmiljøet.
Finn ut korleis du kan gjennomføre turen med fokus på berekraftig utvikling og omsynet til naturen.
Korleis kan du ta vare på naturen i det aktuelle nærmiljøet? Kva for val kan du ta i turplanlegginga som gjer turen meir berekraftig?Lag ein presentasjon med kart over området. Grei ut om kva for forholdsreglar du må ta, og om kva utstyr du vil ha med deg på turen. Grunngi alle vala du tek.
Oppgåve 2. Friluftsliv og karbonutslepp
Les gjennom heile oppgåva før du går i gang.
Saman med ein god ven skal du på ein tur til nærmiljøet eller til eit høgfjellsområde. Ta utgangspunkt i sida Turplanlegging (NDLA). Planlegg turen.
De skal overnatte to netter og ha fokus på berekraftig friluftsliv. Du skal sjå på alle val og handlingar i samband med ein tur som fører til -utslepp, som reise, utstyr, overnatting og liknande.
Korleis kan de gjennomføre ein tur med minst mogleg utslepp? Vurderingane du gjer her, er viktigare enn å finne ut av nøyaktig -utslepp.CO 2 Lag anten ein videopresentasjon eller ein lysbiletepresentasjon som inneheld informasjon om
reisa: start og stopp, tidspunkt, vurderingar om val av transportmiddel
utstyr: kva de treng, grunngiving for val av utstyr, korleis skaffe utstyr de ikkje har frå før, vurderingar om materialval både med omsyn til miljøet og vêret
kart: turmål, ruteval og grunngiving for val av rute
Oppgåve 3. Friluftsliv, populære turmål og sosiale medium
Finn eitt populært turmål som får mykje merksemd i sosiale medium, som til dømes Besseggen, Trolltunga, Preikestolen, Store Skagastølstind, Svolværgeita, Reinebringen, Ryten i Lofoten eller liknande.
Kva for moglege konsekvensar har denne merksemda i sosiale medium for klimaet og miljøet? Ta utgangspunkt i både karbonutslepp og omsynet til naturen i det aktuelle området. Diskuter om konsekvensane er positive eller negative. Sjå på
reising
utstyr
slitasje på naturen og forsøpling
Lag anten ein videopresentasjon eller ein lysbiletepresentasjon. I presentasjonen skal du diskutere om merksemda dei populære turmåla får, gir positive eller negative konsekvensar. Drøft omgrepet berekraftig utvikling i lys av dette.
Aktuelle lenkjer du kan bruke for å løyse oppgåvene
- Bua: Lån utstyr til sport og friluftsliv
- Framtiden i våre hender: Grønne og etiske klær
- Framtiden i våre hender: Klimagassutslippet fra ulike reisemåter
- NRK: Selfieturisme på Trolltunga
- Vårt Land: Alarmerende høyt karbonavtrykk (kronikk)