Hopp til innhald

Fagstoff

Trygg ferdsel på naturis

Isen gjer det mogleg å ta mange fine turar. Ved å krysse islagde vatn kan du sleppe omvegar som elles ville ha teke fleire timar. Du må likevel ha kunnskap om styrken til isen for å kunne ferdast på han. Du må kunne vurdere risiko for å sikre trygg ferdsel.
Skøyteløpar på islagt vatn. Han har ryggen til kameraet. I bakgrunnen går to hundar framom han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du litt kunnskap om isen, er han ei trygg og rask ferdselsåre. Tidleg på vinteren, før det blir noko snø å snakke om, kan du ta fine turar på skøyter. Slike skøyteturar har lange tradisjonar bakover i historia. Det er viktig å ha god kunnskap om issikkerheit for all ferdsel på is, òg når ein driv med isfiske.

Kor sterk er isen?

Ved null grader er isen mjuk og seig, men ved 20 til 30 minusgrader er han sprø og hard som glas. Styrken varierer mykje. Reint frose vatn kallar vi stålis, og han toler store belastingar. Is som er blanda med snø, kallar vi sørpeis. Lysfarga sørpeis inneheld mykje snø og er mykje svakare enn stålis. For ferdsel på sjøis (saltvatn) gjeld eigne reglar.

5 cm blank stålis toler vekta av eit menneske – så vidt. Dersom to personar er på isen samtidig, bør det vere minst to meter avstand mellom dei. Det er tilrådd å vente til isen er nærare 10 cm tjukk. Du kan lese meir om bereevne ved ulike istjukner og ferdselsråd frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på sida Bæreevne (varsom.no).

Ved vindstille vêr utan snø på isen veks istjukna med 2,4 mm per minusgrad per døgn. Ved 20 kuldegrader blir altså isen nesten 5 cm tjukk på eitt døgn. Byrjar det å blåse etter at den første ishinna har lagt seg, blir isen tjukk endå raskare.

Det er uansett viktig å vere klar over at istjukna vil variere på alle vatn gjennom ein heil sesong. Sjølv om isen er 5 cm éin stad, vil det normalt vere parti der isen både er tjukkare og tynnare. Dra på tur med folk som har iskunnskap, og lær deg å lese isen. Sjekk istjukna før turen startar og fleire gonger mens du er på tur.

Ei jente og ein mann går på skøyter på isen. Til høgre er det eit kartutsnitt som viser ein innsjø og elver som renn ut i innsjøen. Piler viser retninga vatnet strøymer i, og ved pilene er det varseltrekantar med utropsteikn i. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjøisen

Sjøisen skil seg frå ferskvassisen på mange måtar. Saltvatn (med ein saltkonsentrasjon på 35 promille) frys ved –1,9 grader, i motsetning til ferskvassis som frys ved 0 grader. I fjordar er det tilførsel av ferskvatn frå elvar og isbrear, denne blandinga av ferskvatn og saltvatn kallar vi brakkvatn. I brakkvatn vil saltinnhaldet variere. Saltinnhaldet vil avgjere når isen legg seg. Sjøisen legg seg seinare jo saltare sjøvatnet er, og han er alltid utsett for straum frå flo og fjøre (høgvatn og lågvatn).

Ny sjøis inneheld små lommer med saltlake. Over tid smeltar saltet seg ut av isen og etterlèt små hòl og kanalar i isen. Dette gjer sjøisen meir porøs enn ferskvassisen. Lågare temperatur fører til at isen utvidar seg og pressar seg opp på land, mens høgare temperatur fører til at isen trekkjer seg saman, noko som kan gi råker.

Vind, bølgjer og tidvasstraum gjer sjøisen svært sårbar for vêromslag, og han blir derfor mykje raskare utrygg enn ferskvassisen. Sjøisen er påverka av langt fleire faktorar enn ferskvassisen. Sjøisen krev i mykje større grad enn ferskvassisen at du har lokalkunnskap.

Sikkerheit

  1. Om du skal bevege deg ut på isen, må du alltid ha med deg naudsynt utstyr som

    • isstav eller noko anna å sjekke tjukna på isen med

    • ispiggar (skal henge rundt halsen)

    • ekstra klesskift pakka i plast (minimum lue, vottar, ulltrøye, ullstillongs, ullsokkar)

    • kasteline

  2. Gå alltid i følgje med nokon. Er de mange, bør de gå litt spreidd.

  3. Før du dreg ut på tur, bør du prate med folk som har kunnskap om naturis og gjerne lokalkunnskap om området du skal bevege deg i.

  4. Studer turkart over området. Finn ut mellom anna kvar det er innløp og utløp av vatn (bekker, elver). Her er ofte isen svak på grunn av meir rørsle i vatnet.

  5. Ver merksam på isen under bruer, i sund og rundt oddar, der er ofte isen svakare.

  6. Ver òg merksam på endringar i isen, både utsjånad og konsistens. Bruk sansane aktivt!

  7. Istjukna varierer mykje, sjølv på små vatn. Sjekk derfor tjukna ofte.

  8. Periodar med varmegrader kan påverke istjukna. Følg med på vêrmeldinga!

  9. Generelt er det viktig å ta det med ro, vere merksam og å tenkje over kva du gjer når du ferdast på isen.

  10. Lær deg isvett ved å til dømes bruke nettsida Varsom: Isskolen (varsom.no/isskolen).

Utstyr du kan bruke for å sjekke istjukna

Diskuter

  1. Kor tjukk meiner de at isen på eit vatn må vere for at det skal vere trygt å ferdast på han?
  2. Korleis kan de finne ut kor tjukk isen på eit vatn er?
  3. Kva vil det seie at eit vatn er regulert?
  4. Kvifor må vi vere ekstra merksame dersom vi går på isen på eit regulert vatn?
  5. På kva måtar er isen på sjøvatn ulik isen på ferskvatn?

  6. "Det finst ikkje trygg is, berre trygge skøyteløparar." Kva trur de dette betyr?

Hugs!
  • Hugs å måle tjukna på isen før du går utpå og ofte undervegs.

  • 5 cm blank stålis toler så vidt eit menneske, men det er tilrådd å vente med å gå utpå til isen er nærare 10 cm tjukk.

  • Gå saman med nokon som har kunnskap om is, og lær deg isvett.
  • Is som ikkje er dekt av snø, blir cirka 2,4 mm tjukkare per minusgrad per døgn i vindstille vêr.

  • Snø på isen betyr ikkje at isen er tjukk nok til å ferdast på. Sjekk alltid tjukna før du går utpå!

Kjelder

DNT Vansjø. (u.å.). Iskunnskap, sikkerhet og utstyr. Henta 16. november 2021 frå https://www.dntvansjo.no/iskunnskap/

Varsom.no. (u.å.). Varsom: Isskolen. Henta 16. november 2021 frå https://varsom.no/is/isskolen/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Tone Olavsdotter Mosebø og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021

Læringsressursar

Naturferdsel