Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingsoppgåver universell utforming

Jobb med ulike øvingar for å bli betre på universell utforming av medieprodukt.

Øving 1: Kontrast-sjekk av tekst og bakgrunnsfarge

Tekstfargen må ha minst 4,5 : 1 i kontrastforhold til bakgrunnsfargen for å vere universelt utforma.

Til venstre står det 'Hei'! i ein kvit sirkel på ein svart firkant. Til høgre står det 'Hei!' i ein lysegrøn sirkel på ein lysblå firkant.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A) Lag grafikk og sjekk fargekontrast

  • Lag ein firkant med bakgrunnsfarge og skriv eit ord i firkanten. Bruk eit grafisk program (gjerne Illustrator).

  • Kopier opp motivet fem gonger slik at du har seks like motiv.

  • Gjer endringar på bakgrunnsfargen og tekstfargen slik at du får seks ulike kombinasjonar.

  • Lagre biletet og last det opp på Adobe Color Contrast Analyzer, eller hent ned Color Contrast Checker (TPGi).

  • Sjekk kvart bilete og skriv ned kontrastforholdet mellom tekstfargen og bakgrunnsfargen på kvart bilete.

B) Godkjent / ikkje godkjent?

  • Kva kontrastar er godkjende, og kva for nokre er ikkje godkjende?

  • Fekk du nokon overraskingar?

Øving 2: Sjå videoklipp og lag eit tekstalternativ

Sjå videoen "Algoritme for brunostskive". Videoen er teksta med undertekstar. Dette er til hjelp for dei som kan sjå, men ikkje høyrer eller har på lyden.

No skal du lage eit tekstalternativ til videoen som vil gi meining for nokon som ikkje ser. Lag til dømes eit samandrag.

Øving 3: Korleis oppfattar fargeblinde fargar?

Last ned biletet under med farga stolpar og små firkantar. Finn ut korleis fargeblinde opplever fargane.

  1. Før du bruker fargeblind-simulator, skal du gjette om du trur denne er tilpassa ein fargeblind person eller ikkje, og vurdere kva fargar som kan vere problematiske.

  2. Bruk Pilestones fargeblind-simulator Color Blindness Simulator, og undersøk korleis fargane blir gitt att til ulike typar fargeblinde. Beskriv kva som skjer, og kva som blir mest ulikt.

  3. Bruk eit grafisk program (gjerne Illustrator) og teikn opp ein liknande modell. Prøv deg fram med andre fargar som du trur passar betre for fargeblinde. Test ut korleis fargeattgivinga blir i fargeblind-simulatoren. Noter ned stikkord.

Blå og gule loddrette striper med grøne kvadrat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving 4: Lag grafikk

Bruk taldataa i tabellen om utdanningsnivå i Noreg og lag grafikk der du framstiller tala visuelt samtidig som du tek omsyn til universell utforming.

A) Lag eit eller

utdanningsnivå i Noreg (befolkning over 16 år) 2020 (Kjelde: SSB)
UtdanningsnivåProsent
Grunnskulenivå

24,8

Vidaregåande skulenivå36,9
Fagskulenivå3
Universitets- og høgskulenivå35,3

B) Lag tekst

Grafikken skal brukast i ei nettavis, og for å formidle den visuelle informasjonen må du derfor lage , eit tekstalternativ som formidlar det visuelle innhaldet.

C) Del og forklar

Beskriv kva grep du har gjort for å gjere grafikken universelt utforma. Vis til medelevar og samanlikn korleis de har løyst oppgåva.

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (u.å). Fakta om universitet og høgskoler. Henta 29. april 2022 frå https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/universitet-og-hogskoler

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Universell utforming