Fagartikkel
Tips til læring med video
Tenk over kva du allereie kan før du ser gjennom ein video, still spørsmål til det som blir formidla og legg merke til vanskelege ord og formuleringar. Dette er nokre av teknikkane du kan bruke når du lærer med video.
- Kva kan du om dette emnet frå før?
- Kva assosierer du dette med?
- Kva for andre ord og omgrep brukar du når du snakkar med andre om dette emnet?
- Har du lese noko i tidlegare tekstar eller sett andre videoar som handlar om det same?
- Kva for forventningar har du til videoen?
- Kva har du lært og kvifor?
- Kva for nytte har du av det nye du har lært ?
- Still spørsmål til videoen undervegs.
- Korleis jobbar du for å hugse fakta?
- Kva for tips vil du gi ein medelev?
- Korleis opplevde du å sjå denne videoen?
- Kva for tankar gjer du deg?
- Korleis har du forsøkt å forstå innhaldet?
- Skriv ei oppsummering av videoen
- Skriv ned vanskelege ord og formuleringar som blir brukte i videoen.