Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er stress?

Stress kan gi store helseproblem. Kva kan vi gjere for å redusere helseproblema og andre uheldige verknader av stress? Oppgåvene tar for seg ulike sider ved stress og skal gjere deg meir medveten om korleis du kan unngå stress i skulekvardagen eller på jobb.
Ein sur og stressa mann jobbar seint på natta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 Kva er stress?

Drøft og gi eksempler på hva vi mener med stress.

Oppgåve 2 Er jeg stressa?

Les gjennom utdraget av skulestilen:

«Eg møter forventningar alle stader. Dette er ei utsegn vi møter oftare og oftare hos ungdom. Ungdom møter forventningar på dei fleste områda, og med forventningar følgjer press. Områda som ungdom møter forventningar på, kan vere på fritida, hos venner, hos familie, på skulen og i høve til framtida. Dette kan få alvorlege konsekvensar.

[...] Kvardagen på skulen kan vere med på å skape forventningspress. Det hender lærarane ikkje er merksame på at elevane har andre arenaer også der dei skal oppfylle forventningar. Konkurranse mellom skular om å ha dei beste resultata kan forplante seg til elevane. Dei får mykje lekser og greier ikkje gjere det så bra som dei ønskjer. Det gir heller ikkje tid til refleksjon, berre produksjon.»

Gi eksempel og drøft

  • korleis du opplever forventningar frå heimen og skulen
  • årsaker til og verknader av prestasjonsstress
  • kva som kan gjerast for å redusere stress i skulen

Oppgåve 3 Stress på arbeidsplassen

Drøft og gi eksempel på årsaker til og verknader av stress på arbeidsplassen.

Relatert innhald

Stress kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med stress, i årsaker og verknader.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2017

Læringsressursar

HMS for elever