Hopp til innhald
Rettleiing

Installere (L)AMP på Ubuntu 24.04

LAMP er eit akronym for Linux, Apache, MySQL og PHP. Desse er sentrale system som dei fleste dynamiske nettsider treng for å fungere. Denne guiden går gjennom installasjon av (L)AMP på Ubuntu 20.04.

Installasjon av Wordpress

I denne guiden blir webserver (Apache2), database (MariaDB) og støtte installerte for at skriptspråket PHP skal kunne køyre på serveren. Desse dannar rammeverket vi treng for å kunne setje opp ei dynamisk nettside (Wordpress). Alle program i denne guiden er gratis og bruker ein open kjeldekode som gjer dei lette å forandre og sikre.

Denne guiden er tilpassa for installasjon av Wordpress. Viss du ønsker å bruke eit anna publiseringssystem (CMS – Content Management System), bør du ikkje bruke denne guiden.

Installere webserver

Apache Web Server blir brukt på ein femtedel av webserverane i verda (2023). Programvara gjer at serveren kan svare på HTTP-førespurnader sende frå ein nettlesar.

Steg 1: Installer Apache2-programvare

Skriv eller kopier inn kommandoen under for å installere Apache2 webserver på serveren din.

Bash
1sudo apt install apache2

Linux vil gjere eit søk for å sjå kva programpakker som vil trengast for å gjere installasjonen. Du må stadfeste installasjonen ved å trykke på "y" og Enter.

Steg 2: Automatisk oppstart av webserver

Det er ønskeleg at webserver-programvara startar automatisk når datamaskina startar opp. Kommandoen under sikrar dette.

Bash
1sudo systemctl enable apache2

Steg 3: Sjekk prosess-status for webserver

Sidan fleire program må installerast og fungere saman for at ei dynamisk nettside skal fungere, så er det lurt å sjekke undervegs at kvart enkelt program som blir installert, startar opp og køyrer som normalt. Sjekk med kommandoen under at Apache er aktiv.

Bash
1sudo systemctl status apache2
2  #Trykk "q" for å komme ut av statusvisninga 

Når koden køyrer, vil du få opp eit skjermbilete som det som blir vist i biletet under. Legg merke til at denne statusvisninga ikkje tek deg direkte tilbake til Linux sin leietekst. Du må trykke på "q" for å avslutte statusvisninga.

Steg 4: Sjekk at webserver svarer nettlesar

Opne opp nettlesar på ei anna maskin i same lokalnettverk som webserveren. Dersom du installerte Ubuntu Desktop på serveren din, kan du bruke nettlesaren til denne.

I adressefeltet til nettlesaren skriv du inn IP-adressa som du sette under installasjon av serveren din. Dersom det ikkje er nokon feil, skal du få opp Apache2 si demoside. Dersom du ikkje får opp nettsida, vil du trenge å gjere feilsøking før du går vidare i guiden.

Demosida ligg som ei HTML-fil i mappa /var/www/html på webserveren. Dette er standardplassering for Apache2-websider. Dersom du ønsker å sjå nærare på denne fila, kan du bruke kommandoen sudo nano /var/www/html/index.html. Hugs eventuelt å bruke Ctrl + x for å komme ut av teksteditoren etterpå.

Installere database

Ein webserver er i utgangspunktet veldig open. Dersom innhald blir lagt i webservermappa (/var/www/html), vil webserveren levere desse ut viss han blir spurd. Dette er praktisk for heilt statiske nettsider (som er hardkoda og viser identisk innhald til alle). Men viss ei nettside skal vere dynamisk (så ho kan loggast på og vise ulikt innhald til ulike brukarar), så skaper dette sikkerheitsproblem. Vi ønsker ikkje at sensitiv informasjon skal ligge open på nettet. Eit anna døme er brukarnamna og passorda til brukarane som kan logge seg på via nettsida. Her kjem databasar inn. Databasen får ansvaret for å lagre mykje av denne informasjonen. Databasen svarer ikkje på førespurnader direkte til sluttbrukaren, men svarer webserveren gjennom PHP-scripting.

Det finst mange databasevariantar, i denne guiden bruker vi MariaDB.

Steg 1: Installer database

Bruk kommandoen under for å installere MariaDB. Som tidlegare vil du få opp ei liste over programpakker som vil bli installerte. Stadfest installasjonen med "y" og Enter.

Bash
1sudo apt install mariadb-server mariadb-client

Steg 2: Automatisk oppstart av database

For å automatisk starte databasen ved oppstart av serveren bruker du kommandoen:

Bash
1sudo systemctl enable mariadb

Steg 3: Sjekk prosess-status for databasen

Bash
1systemctl status mariadb
2  #Trykk "q" for å komme ut av statusvisninga 

Steg 4: Basiskonfigurasjon av database

Sidan databasen potensielt vil innehalde informasjon som vi ikkje ønsker at skal vere ope tilgjengeleg, er det lurt å sikre han. Til dette finst det eit skript som òg tek seg av rootbrukar-oppsett.


Bash
1sudo mysql_secure_installation

Skriptet vil sikre databaseoppsettet og vil derfor stille ei rekke spørsmål.

  1. Skriptet vil spørje etter noverande root-passord for database. Trykk på Enter for å gå vidare, sidan du ikkje har sett eit passord endå.

  2. Du blir så spurd om du ønsker å setje eit root-passord. Vel "y" og trykk på Enter.

  3. Skriv inn passordet du vil ha til root-brukaren til databasen. Trykk Enter for å gå vidare. Tekstfeltet for passord vil ikkje forandre seg mens du skriv inn passordet, det vil seie ingen stjerneteikn for å vise talet på teikn, dette er heilt normalt.

  4. Skriv passordet på nytt og trykk på Enter.
  5. Du blir spurd om du vil slette anonym brukar, vel "y" og trykk på Enter.
  6. Du blir spurd om root-brukarpålogging skal avgrensast til den lokale maskina. Stadfest ved å trykke på "y" og Enter.

  7. Du blir spurd om du ønsker å fjerne test-database. Stadfest dette ved å trykke på "y" og Enter.
  8. Til sist blir du spurt om du ønsker å laste inn tabell med rettar på nytt. Vel "y" og trykk på Enter.

Steg 5: Sjekk at databasepålogging fungerer

Bruk kommandoen under for å logge inn i databasen:

Bash
1sudo mariadb -u root

Skriv inn passordet du sette på root-brukaren til databasen. Når du er logga inn, skal du få opp ein skjerm som liknar den på biletet under.

Når du er inne i databaseprogrammet, vil du få ein ny ledetekst –Maria DB [(none)]>. For å komme ut av programmet må du bruke kommandoen under:

Text
1exit;

Installere PHP

PHP (PHP: Hypertext Preprocessor) er eit skriptspråk som køyrer på serversida og gjer det mogleg å kople saman webservar og database. PHP er òg viktig for å gjere nettsidene dynamiske.

Det finst i dag ikkje eit fullverdig alternativ til PHP. Men fleire er under utvikling og vil sannsynlegvis bli vanlege etter kvart.

Steg 1: Installer basispakker for PHP

I første omgang treng du å installere PHP og nokre tilleggspakker som trengst for bruk av PHP saman med dynamiske nettsider. Som tidlegare vil du få opp ei liste over programpakker som vil bli installerte. Stadfest installasjonen med "y" og Enter.

Bash
1sudo apt install php libapache2-mod-php php-mysql php-common

Steg 2: Installer tilleggspakker for PHP

Publiseringssystemet Wordpress treng nokre tilleggspakkar for PHP for å fungere riktig. Installer desse ved å bruke kommandoen under og stadfest installasjonen.

Bash
1sudo apt install php-curl php-gd php-mbstring php-xml php-xmlrpc php-soap php-intl php-zip

Steg 3: Test at PHP fungerer saman med webserver

For å sjekke at PHP er sett opp riktig og fungerer saman med Apache kan vi lage ein enkel PHP-førespurnad og gjere han tilgjengeleg gjennom webserveren.

Ved å bruke kommandoen under blir det laga ei ny fil (info.php) i hovudmappa for webserveren (/var/www/html).

Bash
1sudo nano /var/www/html/info.php

Legg inn følgande kode i dokumentet:

Text
1<?php phpinfo(); ?>

Trykk på (Ctrl + x) og stadfest lagringa av fila.

Gå inn i nettlesaren og skriv inn IP-adresse til webserver følgd av /info.php.

Til dømes:

192.168.1.41/info.php

Du skal no få opp ei PHP-statusside.

Viss du fekk opp denne sida, er du klar for å gå vidare med sjølve oppsettet av Wordpress.