Hopp til innhald
Øving

Fosterdiagnostikk og etikk

Bioteknologilova opnar for at alle gravide får tilbod om å ta ein test som kan avsløre alvorlege kromosomfeil. Er det etisk riktig å tilby denne testen til alle?

NIPT

Testen som blir utført, blir kalla NIPT (non-invasive prenatal test). NIPT blir teken som ei vanleg blodprøve av den gravide, og testen gjer at ein kan undersøke DNA-et til fosteret.

NIPT kan bli teken tidleg i svangerskapet og er heilt ufarleg for fosteret. Testen gir indikasjonar på om barnet har kromosomfeil som kan tyde på Downs syndrom, Edwards syndrom eller Pataus syndrom. Alle dei tre syndroma gir utviklingshemming, men dei to siste er langt meir alvorlege enn Downs syndrom. Mange barn som blir fødde med Edwards eller Pataus syndrom, døyr allereie i løpet av det første leveåret.

Da dette vart bestemt, var det ein heftig debatt om det var etisk riktig å tilby alle ein slik test.

Kva tenker du?

Vel blant argumenta under, og ranger dei i ei rekkefølge du meiner er god. Legg gjerne til eigne alternativ. Du må grunngi vala du gjer.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2024, 5. februar). Informasjon om fosterdiagnostikk til helsepersonell i svangerskapsomsorgen i den kommunale helse- og omsorgstjenesten. https://www.helsedirektoratet.no/tema/bioteknologi/fosterdiagnostikk/informasjon-om-fosterdiagnostikk-til-helsepersonell-i-svangerskapsomsorgen-i-den-kommunale-helse-og-omsorgstjenesten/innledning

Lovdata. (2003). Lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi m.m. (bioteknologiloven). https://lovdata.no/lov/2003-12-05-100

Oslo Universitetssykehus. (u.å.). NIPT. Henta 23. august 2024 frå https://www.oslo-universitetssykehus.no/behandlinger/nipt/