Hopp til innhald
Oppgåve

Filmoppgåve: Genteknologi

Ny teknologi gir nye etiske utfordringar. Kva skal vi meine om genmodifisering, kloning og gentesting? Revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule diskuterer.
Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa bruksrett

Oppgåver

  1. Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:

    1. Positiv til genteknologi
    2. Negativ til genteknologi
  2. Korleis blir religion brukt til å grunngi standpunkta i diskusjonen?
  3. Også dei ikkje-religiøse i videoen er skeptiske til ulike sider ved bioteknologi. Korleis argumenterer desse?
  4. Kan ein argumentere for at det er umoralsk å ikkje bruke moglegheiter som genteknologi gir?
  5. Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:

    1. Kva for farar ved genteknlogi bør vi vere medvitne på?
    2. Kva for moglegheiter ved genteknologi bør vi bruke?
    3. Er det prinsipielt gale å manipulere gen og endre livets byggjesteinar?

Relatert innhald