Hopp til innhald

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling handlar om nokre av vår tids største utfordringar. Klimaendringar forandrar livsvilkåra på jorda. Ressursar blir forbrukte, og naturen blir øydelagd av mellom anna utbygging, miljøgifter, reiseliv og framande artar. Kan vi finne berekraftige løysingar?

Miljøgifter

Miljøgifter er stoff som kan samlast opp i næringskjedene og ha ein giftverknad. Med kunnskap om miljøgifter kan du ta forholdsreglar og unngå miljøgiftene i størst mogleg grad.