Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjon om Big Bang og utviklinga av universet

I denne oppgåva skal du reflektere og drøfte nokre spørsmål med andre, gjerne i små grupper. Fleire av desse spørsmåla manglar ein klar fasit.
Ein eksplosjon der strålar og partiklar strøymer frå eitt punkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kan du forklare kva universet er?
  2. Korleis ser du for deg Big Bang?
  3. Kva var før Big Bang, eller starta alt (også tida) med Big Bang?
  4. Kva starta Big Bang, og korleis vart planetar og stjerner danna?
  5. Kor stort er universet? Kan det finnast ein ytterkant, og kva er utanfor universet?
  6. Kan det finnast fleire univers?
  7. Kva observasjonar gir grunnlag for å støtte Big Bang-teorien?
  8. Vi har lært at det er tiltrekkingskrefter (gravitasjon) mellom all masse, og desse kreftene er større jo større massen er. Korleis kan universet vere i stadig utviding og stadig akselerere då?
  9. Kan masse oppstå frå ingenting?
  10. Kan det finnast liv på andre planetar enn på jorda? Kva føresetnader må vere til stades for at det skal finnast liv?
  11. Kva vil skje med universet i framtida?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.08.2020

Læringsressursar

Big bang og utviklinga til universet