Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kokkekamp for kloden

Arranger ein matlagingskonkurranse om berekraftig kosthald. Kven lagar den mest berekraftige menyen?

Oppgåve

De skal lage ein tre-retters meny som tilfredsstiller utvalde kriterium for berekraft.

  • Set saman lag på 3–5 kokkar.

  • Ta utgangspunkt i FNs faktorar for kva som kjenneteiknar eit berekraftig kosthald og diskuter kva dei ulike faktorane betyr.

    Først kan de gjerne gjere oppgåva Berekraftig kosthald – kva er viktigast? for å bli betre kjende med kva som kjenneteiknar eit berekraftig kosthald.

  • Vel ut 2–4 kriterium de vil bruke i konkurransen.

  • Lag forslag til vurderingskriterium felles i klassen.

  • Det kan vere ein god idé å konkurrere i fleire kategoriar, slik at fleire har moglegheita til å vinne. Slike kategoriar kan vere

    • mest kortreiste rett

    • mest rettferdige rett

    • mest framtidsretta rett

  • Bli einige om eit budsjett. Avtal om det skal vere lov å bruke ingrediensar de har frå før eller kan få tak i i naturen.

  • Laga må dokumentere kor berekraftig kvar av rettene er ved hjelp av det som finst av informasjon (merking av matvarene, utsleppstal, transport, emballasje, næringsinnhald).

  • Bestem kven som skal vere dommarar. Kanskje de kan spørje lærarar i andre klassar, reingjeringspersonalet eller nokon i leiinga?

  • Berekn slik at det blir nok mat – både til dykk som er på lag og til dommarane.

Førebuingar

  1. Planlegg kva de skal lage.

  2. Finn oppskrifter. Gjer nødvendige utrekningar, slik at de får nok mat til alle samtidig som det er viktig at de unngår matsvinn.

  3. Skriv handleliste eller bestillingsliste.

  4. Gjennomfør innkjøp.

  5. Lag ein arbeidsplan som viser kva som skal gjerast når, og kven som skal gjere det. Til dømes "Mens potetene koker, skal Jakob skrelle gulrøter."

Klar-ferdig-kok!

Kvart lag bør ha eigen stasjon med kokemuligheter.

  1. Vask hendene godt.

  2. Mise en place! Finn fram det de treng av utstyr og ingrediensar.

  3. Avtal kor lang tid laga skal få på å lage rettene.

  4. Gjer klar rettene i løpet av den tida de har sett av.

  5. Dommarane ser og smaker på rettene.

  6. Laga må grunngi kvifor rettene dei har laga kan seiast å vere berekraftige. Grunngivinga må kunne dokumenterast.

  7. Vinnarane blir kåra i ein høgtideleg seremoni.

Mise en place – alt på plass

Mise en place er fransk og betyr "alt på plass". Når kokkar skal lage måltid, startar dei alltid med å finne fram alt dei treng av utstyr og ingrediensar. Dette er ein viktig del av førebuingane.