Debattoppgåve – vurdering av informasjon
Oppbløming av lakselus på oppdrettslaks har blitt eit heitt tema dei siste åra fordi ei auka mengd lakselus i fjordane truar vill smolt som vandrar ut frå elvane. Mange hevdar at ville laksestammer er sterkt trua, og at situasjonen er kritisk, mens oppdrettsnæringa meiner at situasjonen er meir eller mindre under kontroll.
Vurder innhaldet i kjeldene frå Norges Naturvernforbund, Mattilsynet (vel ein aktuell artikkel) og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, og diskuter følgjande spørsmål:
- Kva for typar syn representerer desse tre kjeldene? Gir publikasjonane seg ut for å vere objektive fakta, debattinnlegg eller forskingsresultat?
- Kva for oppgåver har dei tre organisasjonane?
- Kva for ulike interesser har dei?
- Kva for bodskap har dei, og korleis underbyggjer dei påstandane sine?
Vurder språk, ordbruk, bruk av bilete og eventuelt andre verkemiddel du merkar deg. Er det nokon forskjell i måten ting blir framstilte på, og kan du seie om dei forskjellige verkemidla blir brukte for å forsterke bodskapen? Vil du seie at nokre av bidragsytarane har ein skjult agenda?