Demoforsøk: Magisk penn - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Magisk penn

Gjennomfør elektrolyse av kaliumjodid og skriv med ein "magisk" penn.

Elektrolyse som blekk

I dette forsøket skal du bruke reaksjonane ved dei to elektrodane i ein elektrolyse til å skrive ei "hemmeleg" melding.

Utstyr

  • vernebriller
  • eingongshanskar
  • aluminiumsfolie
  • spenningskjelde
  • krokodilleklemmer
  • 0,25 M KI (aq) (sikkerheitsdatablad for kaliumjodid, PDF)
  • stivelsesløysning. Denne må vere nylaga. Løys 1 g stivelse i litt vatn, tilsett 80 mL kokande vatn. Rør, avkjøl og fortynn til 100 mL.
  • fenolftaleinløysning. Bland 1 g fast fenolftalein med 600 mL etanol og fortynn med vatn til 1 L (sikkerheitsdatablad for fenolftalein, PDF).
  • filtrerpapir

Framgangsmåte

  1. Bland 40 mL KI-løysning med 10 mL stivelsesløysning. Viss løysninga blir blå, tilset natriumtiosulfat dropevis heilt til løysninga blir fargelaus.
  2. Tilsett 10 mL fenolftaleinløysning. Viss løysninga blir rosa, tilset saltsyre dropevis til løysninga blir fargelaus.
  3. Fukt tre filtrerpapir med fenolftaleinløysninga, og legg dei oppå kvarandre på aluminiumsfolien.
  4. Kople aluminiumsfolien til den negative utgangen på spenningskjelda.
  5. Kople ei anna leidning til den positive utgangen på spenningskjelda. La spenninga vere mellom 6 V og 12 V.
  6. Bruk enden av leidninga kopla til det positive uttaket og skriv på filtrerpapiret. Kva observerer du?
  7. Byt om på leidningane, slik at aluminiumsfolien er kopla til det positive uttaket på spenningskjelda. Kva oppdagar du no?

Fagleg forklaring

Dette skjer ved den positive elektroden:

I- blir trekt mot elektroden og det skjer ein oksidasjonsreaksjon:

2I-I2+2e-

Det blir danna I2 som reagerer med stivelse og gir eit mørkeblått kompleks.

Dette skjer ved den negative elektroden:

H+ blir trekt mot elektron og det skjer ein reduksjonsreaksjon:

2H2O+2e-2OH-+H2

Det blir danna hydroksidion og hydrogengass. Hydroksidiona reagerer med fenolftalein og gir ein skarp rosa farge.

Kjelde

Royal Society of Chemistry. (u.å.). Electrolysis of potassium iodide solution. Henta 28. februar 2023 frå https://edu.rsc.org/experiments/electrolysis-of-potassium-iodide-solution/738.https://edu.rsc.org/experiments/electrolysis-of-potassium-iodide-solution/738.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2023