Parsjekk - Naturfag (HS) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Parsjekk

Elevane jobbar to og to og repeterer det viktigaste stoffet i eit emne, både munnleg og skriftleg.

Elevane høyrer kvarandre med parsjekk

Metoden parsjekk gir elevane trening i å forklare munnleg for kvarandre og eignar seg godt både som introduksjon til eit nytt emne, for å aktivere forkunnskapar og til repetisjon.

  • Elevane jobbar i par.

  • Læraren har gjort klar ark med oppgåver.

  • Elevane løyser annakvar oppgåve på arket. Elev A gjer oppgåve 1 og forklarer for elev B. Deretter gjer elev B oppgåve 2 og forklarer for elev A.

  • Når det er ei oppgåve ein ikkje klarer, hjelper ein kvarandre eller bruker andre kjelder.

  • Etter ei viss tid, kanskje 15 minutt, kan de ta ein felles gjennomgang i klassen.

  • Parsjekk eignar seg godt til oppstart av ei økt, og då kan ein gjerne bruke oppgåver om det ein jobba med førre økt.

Lag din eigen parsjekk

Du kan bruke døma under som utgangspunkt når du skal lage parsjekk som passar til det de jobbar med.

Økologi
Næringsstoff
Lyd, lys og bølgefenomen
Arvestoffet
Kjelde

Candler, L. (2008, 1. januar). Discovering decimals through cooperative learning. Kagan KCL-BCDD. https://www.kaganonline.com/catalog/look_whats_inside/blacklines/BCDDPairsCheck.pdf

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2022